Språket og universetArrangøren hadde invitert ei stjerne, den mest kjende leksikografen i Russland, til å halda innleiingsføredraget på ein stor konferanse om russisk språk. Det var tyst i salen. Den 82 år gamle mannen som visste alt om alle ord, var dessu

Presidenten i verdssjakkforbundet FIDE, Kirsan Iljumzjinov, trur at romvesen spelar sjakk.
Presidenten i verdssjakkforbundet FIDE, Kirsan Iljumzjinov, trur at romvesen spelar sjakk.
Publisert

Arrangøren hadde invitert ei stjerne, den mest kjende leksikografen i Russland, til å halda innleiingsføredraget på ein stor konferanse om russisk språk. Det var tyst i salen. Den 82 år gamle mannen som visste alt om alle ord, var dessutan kjend for ikkje å lesa forskarar som var yngre enn han sjølv. Han byrja prata om ei ny oppdaging… i ei russisk sjakkbok han hadde på nattbordet. Eg spissa øyra.

Ingen torde seia noko, men eg ville ikkje kunne leva med meg sjølv om eg heldt munn, så i kaffipausen gjekk eg bort og presenterte meg. «Den språklege sjakk-konstruksjonen De har oppdaga, har eg sjølv publisert ein artikkel om», sa eg. «Hm», var alt ordgeniet sa.

Litt betre gjekk det nokre år seinare. På fyrste rad sat ein av dei leiande språkforskarane i verda. Eg hadde absolutt ikkje noko å seia han, men i kaffipausen gjekk han med tydelege steg i retning av der eg stod. Eg snudde meg, men det var ingen bak meg.

Han såg på meg og sa: «I heard you are drifting towards chess.» «Aha», tenkte eg nøgd. «Om vi skal snakka om sjakk, skal nok samtalen gå bra.» Men oppfølginga hans var uventa. «Eg trur ikkje romvesen spelar sjakk», sa han med ein sterk tysk aksent som gjorde talen hans endå klårare. Ingen ord vart slukte, og tanken bak orda kom fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement