Språk
Vellukka lukkejeger
Mange ynskjer seg eit langt og lukkeleg liv, helst utan å måtta gå på lukkepiller. Men som ordtaket seier: «Lukka fell ikkje likt for alle.»
Nokre er ulukkesfuglar i utgangspunktet, andre rotar seg borti vonde makter som fører ulukke over dei. Nokre har hatt ein ulukkeleg barndom eller er ulukkeleg forelska, kan henda er dei komne i ulukka attpå. Ei ulukke kjem sjeldan åleine, men jamvel ulukkesfuglane kan oppleva lukkedagar og lukketreff.
Lukke (og lykke) er eit lånord som har vore med oss so lenge at det nesten er like greitt å kalla det eit arveord. Det kjem frå lågtysk (ge)lükke (‘lagnad, hell’), og me finn det i norrønt (lukka, lykka). Dansk lykke, svensk lycka og engelsk luck kjem òg frå lågtysk. I moderne tysk har ordet forma Glück, i nederlandsk geluk. Granskarane veit ikkje for visst kvar ordet kjem frå. Det ser ut til at lukke er i ætt med verbet lukka (‘stengja, slutta’) og opphavleg hadde tydinga ‘slutt, utgang’, som seinare er vorten endra til ‘god el. tenleg avslutning’. Det som skurrar ørlite grann med den tolkinga, er at ord som har grunntydinga ‘slutt’, som regel får den leie tilleggstydinga ‘daude’.
Ein kan døy i ei arbeidsulukke, bilulukke, heimeulukke eller jaktulukke, men ein kan òg sleppa uskadd frå ulukka og prisa seg lukkeleg over det. Ein kan ha lukka med seg elles òg, jamfør fiskelukke og vinnarlukke. Om ein gjer stor lukke hjå nokon, kan ein få oppleva kjærleikslukke. Men kor lenge kan ein stråla av lukke og gå rundt i lukkerus? Alle veit at lukka er uføreseieleg, og om nokon har gløymt det, finst det ein heil drøss med ordtak som minner oss på det: «Lukka er lån og inga eige.» «Lukka er snar til å snu seg.» «Lukka er som glas, ho går lett i knas.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.