Nokre har badekar eller boblebad på badet og kan ta seg eit varmt bad når det høver seg slik. Badebaljer finst òg, i mange former og storleikar, og det gjeld å ikkje kasta ut barnet med badevatnet. På baderom flest er det dessutan dusj. Kan me bruka bad og bada om dusjing? For nokre luggar det litt, men seiemåtar som «ta dusjbad» var i alle fall temmeleg vanlege før.
Soga til substantivet bad og det avleidde verbet bada ligg ikkje bada i ljos, men me veit at dei er nedervde ord som er lette å kjenna att i andre mål (t.d. sv. bad, ty. Bad og eng. bath). Det ser ut til at bad kjem av ei germansk rot som tyder ‘varma, steikja, baka’. Grunntydinga til bad kan soleis vera ‘varmt bad, dampbad’. Koplinga til varme ser me òg i ordet badstove. I badstova kan me ta sveittebad. Nemninga badstove har òg vore nytta om turkehus (til korn, lin o.l.). Då den gamle skikken med å ta badstovebad gjekk attende etter mellomalderen, vart mange av husa nytta til turking i staden, men namnet heldt seg.
Den som er huga på furunålsbad, gytjebad, kolsyrebad og anna slikt, lyt fara til næraste kurbad. Blodbad er alt anna enn helsesamt. Dei få som likar slikt, er ofte ikkje med i badet sjølve. Å vera badegjest er trivelegare, og mange dreg på reine badeferiar i badebyar med fine badestrender, gode badetemperaturar og yrjande badeliv. Isbading er visst òg svært gjævt. Nokre stader kan me driva med nakenbading, men på badestader flest lyt me ha på oss eitkvart. Det høver fint med badebukse, badeshorts, badedrakt og badehette, men badekåpa er ikkje god å symja i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.