Språk

Overberande born

Publisert Sist oppdatert

Den som har hug til å gjera noko anna enn å gråta og bera seg over virusberarar og andre smitteberande greier, kan prøva å finna ut kva bera ber i seg. Om ei slik gransking ber frukter, er uråd å seia på førehand. Det får bera eller bresta!

Samstundes kan me slå fast alt no at bera er eit ord som gjerne kan bera hovudet høgt. Når me skal målbera eit eller anna eller koma med eit vitnesbyrd (‘vitneutsegn som vert framboren’), har me lett for å gripa til bera eller andre ord som so å seia er fødde og borne av bera.

Døme på slike bera-ættingar er byrja (eig. ‘lyfta opp’), burda (eig. same ordet som byrja), barn, bår(e), bør (‘noko som ein ber; tyngsle’), bør (‘medvind; framdrift’, jf. òg motbør, nedbør), burd (‘bering; rørsle; fødsel’ mfl.), byrd (‘ætt, opphav’, «vera av kongeleg byrd») og byrd(e) (‘noko som ein ber; tyngsle’). Mange av desse orda finn me i andre mål òg, til dømes er vårt byrd (‘ætt’) same ordet som engelsk birth (‘fødsel; opphav, ætt’). Norsk bera har grovt sagt to tydingar: ‘halda oppe (og føra med seg)’ og ‘føda’ («kua skal bera i haust»). Slik var det opphavleg i dei andre germanske måla òg, men nokre stader har verbet mist tydinga ‘halda oppe’. Tysk gebären, til dømes, tyder berre ‘føda’ (jf. òg partisippet geboren ‘fødd’). Det er bera i tydinga ‘føda’ som har gjeve oss substantivet barn (eig. ‘det fødde’). Ja, me veit at born fyrst må berast under beltet og seinare på armen, i beremeis eller liknande, men koplinga mellom bera og barn er ‘føda’.

«Det eg ikkje kan få, det slepp eg å bera på», seier ordtaket. Å bera på eller koma berande på noko kan vera tungt, jamfør «bera på ei sorg». Å bera skulda for noko fælt eller bera preg av å bera hat til nokon er heller ikkje noko å trå etter. Derimot er det godt når ei verksemd ber seg vel – og endå betre når isen ber. Når det ber laust med uvêr, gjeld det å bera seg klokt åt og koma seg i hus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement