Språk

Nyta i fulle drag

Publisert

Nyting er ikkje ein ny ting, og livsnytarane har støtt vore blant oss. Nokre meiner rett nok at det er viktigare å gjera nytte for seg enn å nyta livet. Nyting er unyttig, slik dei ser det. Ein nyttar ikkje tida godt nok, og ein tenkjer meir på eigennytta enn på ålmennytta. Men det er vel råd å få til båe delar? Nytinga kan gjeva nevenyttige nytarar kveik og krefter til samfunnsnyttig arbeid. Dessutan kan me fint gjera nytte for oss samstundes som me har i oss nytingsmiddel som te og kaffi.

Nyta (norr. njóta) er eit nedervt verb som me kan støyta på i mange germanske mål (t.d. dansk nyde, svensk njuta, islandsk og færøysk njóta, nederlandsk genieten). Det ser ut til at verbet har hatt grunntydinga ‘ha til bruk; ha nytte av’, som snøgt er vorten utvida til ‘ha godt av, ha glede av’. Substantivet naut (‘storfe’) høyrer òg heime her. Det tydde opphavleg ‘bruk, nytte; det ein brukar eller eig’. Ein annan og mindre kjend slektning er verbet nøyta (eig. ‘få til å nyta’). Nøyta kan tyda ‘bruka’ («nøyta tida»), ‘kunna bruka’ («berre så vidt nøyta eine foten»), ‘eta’ («nøyta lite for tida») og ‘skunda (på)’ («No lyt me nøyta oss!»).

Verbet nytta og substantivet nytte heng òg i hop med nyta. Formene ser ut til å vera påverka av lågtysk nutten og nutte. Me har som nemnt lett for å oppfatta nyting og nytte som motsetnader, men det finst tilfelle der me kan nytta nyta og nytte-orda om einannan. Om nokon ikkje greier å halda på maten, kan me seia: «Dei nyt ikkje maten.» Å seia at «dei ikkje gjer seg nytte av maten», gjer same nytta. Seiemåten «nyta seg» kan me nytta om folk som kan nytta lemene sine. «Han nyt seg ikkje i beina» tyder ‘han kan ikkje gå’.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement