Språk

Leikande lett

Publisert Sist oppdatert

Me veit alle at me ikkje skal sjå på andre menneske som leiketøy og leika med kjenslene deira. Leiking er likevel bra for oss, og nokre meiner at folk i dag – både unge og gamle – leikar for lite.

På eit tidspunkt veks me frå leikegrinda, leikestativet og leikestova, men mange vaksne har glede av spørjeleikar, gøymeleikar, kviskreleikar og ikkje minst olympiske og paralympiske leikar. Dessutan vert me aldri for gamle til å leika med leikne kvelpar og kattungar. Å nekta folk å leika er kan henda like farleg som å leika med elden?

Substantiva leik og leike kjem av verbet leika, som har grunntydinga ‘røra seg (snøgt)’. Det finst mange snøgge rørsler her i verda, dimed er det ikkje so underleg at leik-orda har ei rad ulike tydingar. Norrønt leikr vart nytta om ‘underhaldning, moro’, ‘skjemt, gjøn’, ‘idrettsøving’, ‘dragsmål, bryting’, ‘dans’, ‘skodespel’ og ‘strid’. Samansetjinga strengleikr viste til ‘(spel på) strengeinstrument’ og ‘dikt el. song som vert sungen til strengeleik’. Me har framleis leik-ord som viser til musikk og dans, som langeleik, harpeleik, springleik og leikarring.

Me leikar ikkje språkspalte her, og sidan den førre ordhistoriske utgreiinga gjekk som ein leik, tek me ei til: Det er leik (norr. -leikr, -leiki) som står som etterfeste i ord som dugleik, kjærleik og storleik. Ordet leik(e) «bruges i Sammensætning med Adjektiv for at betegne en Beskaffenhed», skriv Aasen i Norsk Ordbog. Då er leik nytta i tydinga ‘framtoning, skapnad, form’, ei tyding som venteleg har utvikla seg frå ‘utfalding, framferd’. Det må elles nemnast at tysk Laich (‘rogn’) er same ordet som vårt leik. Me kan nytta leik om paringsspel hjå visse fuglar (jf. tiurleik, orreleik) og om gyting (jf. leiketid ‘gytetid’). Det er denne tydinga me møter i ord som tysk Laichplatz (‘gyteplass’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement