Kjærleik til saka eller faget kan vera ei god drivkraft, men kjærleiken kan òg driva oss til å driva oss sjølve for hardt. Pådrivarar kan verta drivne til vanvit dersom samarbeidspartnarane berre går og driv. For det finst vel ikkje driftige dagdrivarar? Drivande arbeidsfolk kan òg driva dank, må vita, men dei har eit driv i seg som gjer at dei helst fordriv tida på nyttigare vis.
Setningane ovanfor tyder på at driva har drive det langt. Korleis dreiv det inn i målet vårt i utgangspunktet? Granskarane veit at driva er eit samgermansk sterkt verb, men opphavet er uvisst, og det er vandt å finna slektningar utanfor germansk. Luringen driva var i alle fall husvarm og verksam i mellomalderen. Norrønt drífa vart nytta i tydingane ‘føykja, føra av stad; skvetta noko på noko(n); halda på med; fyka; koma over ein; fara’. Drift og drifta er avleidde av driva. Andre nærskylde ord er driv («godt driv over spelet»), drev («tett snødrev») og drive («køyra seg fast i drivene»). Adjektivet driven (‘øvd, rutinert’) er partisipp av driva i tydinga ‘halda på med’. So har me durkdriven, som har grunntydinga ‘gjennomrutinert’ (jf. tysk durch ‘gjennom’). Engelsk drive (‘køyra’, jf. t.d. drive-in) er same ordet som vårt driva.
Når me talar om å driva inn ein spikar eller driva til nokon, nyttar me driva i tydinga ‘slå, støyta’. Me kan òg nytta driva om å ‘føra (bort), jaga’, jamfør «driva buskapen til skogs», «verta driven på flukt», «drivande hundar», «driva tilbake ein påstand». Dessutan kan me «driva ut» leie saker, til dømes sjukdomar. «Vondt skal vondt (for)driva», veit me. Å oppdriva djevleutdrivarar var nok lettare før i tida. Dei er inga overdriving å seia at nokre vert drivande harme når dei høyrer at folk enno driv med slikt. Andre dreg på akslene: «Dei får berre driva på.»
Me kan driva spøken for langt, driva prisane i vêret, driva viljen vår gjennom og driva nokon til å gjera eitkvart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.