Tap og vinn med same sinn, heiter det, men det er lettare sagt enn gjort. Her finst dårlege vinnarar og dårlege taparar. Mange er båe delar: Dei toler korkje å vinna eller å tapa.
Me har eit ordtak som seier at «når me taper, lærer me; når me vinn, gløymer me». Kan henda er det ei trøyst for taparane at vinnarane råkar ut for eit lite minnetap, men det er likevel leitt å vera den tapande parten.
Mykje av soga til tapa er tapt for oss. Verbet finst berre i nordisk (jf. islandsk og færøysk tapa, dansk tabe, svensk tappa), og det er uvisst kvar det kjem frå. Norrønt tapa vart stundom nytta i tydinga ‘tyna, gjera ende på, drepa’. Nokre gissar difor at tapa heng i hop med engelsk tap (‘slå lett’). Utgangspunktet kan ha vore eit ord (tap el. tapp) som hermde ljoden av eit slag eller liknande, jamfør ord som norsk rapp (‘slag, smekk’) og engelsk flap, slap (‘daska, klaska o.l.’). Tapa kan vera ei avleiing av dette ljodordet. Då har tapa grunntydinga ‘få eit rapp, slag’, medan tydinga ‘missa noko, lida usiger, nederlag’ er biletleg. Her finst ei rad seiemåtar som fortel at oss at slag og tap vert oppfatta som nærskylde saker. I staden for «eit stort tap» kan me seia «eit hardt slag», og me kan seia at einkvan «vart slegen» (tapte) med eit halvt poeng.
Det er gjerne tap me nyttar når noko kjært og viktig vert borte for oss, jamfør «tapet av ektemaken», «sivile tap», «tap av artsmangfald», «store sauetap», «tap av prestisje». Lekamen vår kan òg lida tap: Me talar om blodtap, vekttap og væsketap. Ord som tapsbringande og tapsprosjekt viser gjerne til økonomiske tap. Me kan tapa ein formue, selja bustaden med tap og ha ei verksemd som går med tap. Vendingar som «strake tap» og «gå på braktap» vert helst nytta om (idretts)tevlingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.