I bane rundt bane
Anten me kjem inn på forbrytarbana eller vel ei lovlydugare laupebane, kjem bane til å bana seg veg inn i talen vår. Me kjem til å tala om banenett, rullebaner og folk som set banerekordar i lange baner. Men har ord som baneanlegg og banesår same heimebane?
Det er lett å tenkja at ord som liknar, må vera i ætt. Røynda er meir innfløkt, og Ivar Aasen var mellom dei som harmast over lettvinne og beint fram galne etymologiske utgreiingar. «Det var dog bedre at beholde sine Tanker for sig selv end at lede sine Læsere paa Afveie ved falske Formodninger», skriv han i føreordet til Norsk Ordbog. Men når det gjeld bane (‘veg, line’, hankjønns- eller hokjønnsord) og bane (‘fæl daude; drapsmann o.l.’, hankjønnsord), er det ikkje berre tale om ytleg likskap: Orda ser ut til å vera i ætt. Sistnemnde er rett nok eit arveord (norr. bani), medan bane (‘veg’) er eit lånord frå lågtysk. Båe orda er truleg runne av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘slå’. Tydinga ‘slå’ kan fint vera utgangspunkt for ord for ‘veg’ (jf. òg verbet bana ‘jamna el. rydda ein veg, brøyta’).
Stundom nyttar me bane om ein veg eller del av ein veg, som når me seier at einkvan legg seg midt i køyrebana. Me kan jamvel nytta bane (og slitebane) om den delen av eit dekk som rullar på underlaget, og dersom slitebana er nedsliten, får ein slita skikkeleg på glattkøyringsbana. Vanlegast er det å nytta bane om ‘skjenegang’, jamfør jarnbane, tunnelbane (T-bane) og undergrunnsbane. Ofte seier me berre bane eller bana, og so går det fram av samanhengen kva for bane det er tale om: «Me lyt få meir gods over på bane.» «Ta bana heim.» «Dei sender det med bana.» I tankane og talen vår har me biletlege baner, jamfør banebrytarar som «tenkjer i nye baner» og «bringar noko på bane».
Tankebanene skal helst ikkje gå i ring, men idrettsbaner kan gjerne gjera det. Slike baner kjem i mange former. Det er stor skilnad på ei golfbane og ei ishockeybane. Sportsspråket har det med å setja merke på kvardagsmålet, og slik er det med bane-orda òg. Me kan fint seia at ein politikar «kjem på bana», «er på heimebane», «går høgt på bana», «spelar seg sjølv av bana» og «fører kampen over på banehalvdelen til motstandaren». No får me gå av bana, eller «gå ta banen!», som nokre seier (ta = utav).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.