Språk
Høglydt over ljodmuren
Om me vil at nokon skal seia eitkvart, til dømes kven eller kvar dei er, kan me seia: «Gjev ljod!» Om me vil at folk skal teia, kan me òg seia: «Gjev ljod!» Eller me kan «slå til ljod» (eig. ‘banka på noko for å gjera folk merksame’). Då skal ikkje folk gjeva frå seg ljod eller gjeva ljod frå seg. Dei skal te seg ljodlaust og vera so lydhøyre dei greier. Lyder det ikkje litt merkeleg at ljod kan tyda både ‘noko høyrleg, låt’ og ‘ro, stille’?
Ljod er runne av ei rot som tyder ‘høyra’, og ordet femner ulike sider av høyringa. Me kan bruka ljod om det me høyrer, men me kan òg bruka ljod om det som gjer det mogleg for oss å høyra eller verta høyrde (togn, stille, jf. òg bm. ørenslyd). Det nærskylde adjektivet lyd, med inkjekjønnsforma lydt (bm. lytt), har òg dette spennet i seg. Lyd kan tyda ‘som er lett å høyra’ («ei lyd bjølle»), men det kan òg tyda ‘som ber ljod(ar) langt’ («det er lydt i huset»), ‘stilt og fredeleg so ein høyrer alle ljodar’ («lydt vêr») og ‘still, ljodlaus’ («fara lydt», «då vart det lydt»). Samansetjinga høglydt er eintydig og grei.
Ljom og ljoma høyrer òg til her, saman med lyda (‘høyra nøye etter; retta seg etter; gjesta’), ljoda (el. lyda, ‘låta; verta høyrd; ha eit visst innhald’), lydnad og lydug. Lytta og lystra er i ætt litt lenger uti: Det lydest at desse orda kjem frå (låg)tysk. Frå tysk kjem òg ordet ordlyd og det å bruka lyda i tydinga ‘ha eit visst innhald, ei viss utforming’ («domen lydde på fem års fengsel»). Substantivet lyd (‘folk, flokk’, kyrkjelyd, lydrike) har inkje med dei nemnde orda å gjera. Det ordet kjem av ei rot som tyder ‘veksa’.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.