Me seier gjerne at me hatar noko som pesten, men det siste året har me hatt høve til å hata sjølve pesten òg. Nokre hatar å sitja heime dag etter dag, andre har lagt viruset for hat av andre grunnar. Sant å seia finst det mange hatelege eller hatande («hateverdige») saker i verda. Tyder det at me berre kan hata i veg? Eller er sjølve hatet hatande?
Me kan i alle fall slå fast at hatet har leie sider. Som ordtaket seier: «Hat er fleire til harm enn til hugnad.» Nynorskordboka fortel oss at hat (norr. hatr) tyder ‘varande, sterk uvilje el. fiendskap mot nokon; nag’. Ordet hadde mykje den same tydinga i norrønt: ‘sterk uvilje, fiendskap; forfylging; spott, hån’. Vårt hat er same ordet som engelsk hate og tysk Hass. Me kjenner ikkje heile bakgrunnen til ordet, men nokre granskarar gissar at hat er i ætt med adjektivet atal (‘lei, rang; spottande’) og det latinske substantivet odium (‘hat’, jf. odiøs ‘fråstøytande; vondtenkt, hatefull’).
Dei nemnde orda målber alt anna enn godhug og glede. Men er alt hat like ille? Nei, nokre former for hat vert rekna som betre eller meir rettkomne enn andre. Her er tre ordtak som seier det beint ut: «D’er misgjerda ein skal hata og ikkje mannen.» «D’er synda ein skal hata og ikkje menneskja.» «Løynleg hat er verre enn synleg fiendskap.» Den siste utsegna skal me ikkje sluka rått. Jau, det kan vera tenleg å vita kva folk meiner om ein, inst inne. Då er hatske ytringar og augnekast til stor hjelp. Fiendar som smeikjer og sleikjer og læst vera ven, er verre å dragast med. Men er det tenleg å sleppa hatet ut i det opne ordskiftet? Syna det fram støtt? Og kva er no eigenleg ei hatefull ytring? Her sprikjer meiningane, mildt sagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.