Språk

Hakkande gale

Publisert

Hakk i plata er noko anna enn ei bordplate med hakk i, og når plata set i gang med det opphakka spelet sitt, kan det vera freistande å laga hakkemat av henne. I slike tilfelle er hakking noko plagsamt og øydeleggjande. Samstundes er me mange som likar elghakk, og stundom er det naudsynt å hakka hòl i isen, hakka laus noko eller nytta ugrashakka. Når noko går som hakka møk, har seljaren det gildt. Dimed er det klin hakke umogleg å seia at hakking støtt er vondt og leitt.

Verbet hakka og substantiva hakk og hakke (‘reiskap til å hakka i jord e.l. med’) er komne til oss frå lågtysk. Desse innlånte orda skal vera i ætt med dei nedervde substantiva hake («ein fiskekrok med hakar») og hake (klassisk nynorsk hoke, «få dun på haka»). Til grunn for alle desse orda ligg ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘framstikkande krok, tann’. Ikkje uventa viser mange av hak(k)e-orda til saker som er kvasse, har taggar eller skarpe kantar, jamfør hakeparentes, hakekross, potethakke og ishakke. Dersom alle framlegga frå ein møtelyd har store hakar ved seg, er faren stor for at saksførehavinga hakar seg opp.

Verbet hakka nyttar me fyrst og fremst om å hogga eller pikka på eller i noko gong på gong, gjerne med ein kvass reiskap (eller med tennene, jf. «hakka tenner»). Nokre hakkar grønsaker so snøgt at folk får hakeslepp. Ja, med ein god hakkekniv og ei god hakkefjøl går det unna, men hakkespetten er vel hakket snøggare same kva? Finhakka eller grovhakka lauk finn me i mang ein rett, og me skal ikkje gløyma hakkebiffen og hakkepølsa. Men kor ofte kjem hakkekyllingen på middagsbordet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement