Den makelegaste vegen til rikdom må vera å erva mykje pengar eller gjæve eigedomar. Ein treng ikkje lyfta ein finger: I mange tilfelle er det nok å vera fødd. Likevel er det ikkje berre lett å vera erving.
Røynda og kriminallitteraturen har lært oss at folk som vil ha kloa i ein feit arv, kan finna på mykje stygt. Både arvlataren og dei fremste ervingane må vara seg. Det er elles mange som har røynt at kvardagen tærer på det ein erver: «Ein arv er snart oppeten.»
Arv (norr. arfr) er rimeleg nok eit nedervt substantiv, men opphavet er uklårt og omstridt. Me finn det berre i nordiske mål. Kan henda har arv funnest i andre germanske mål, men falle bort. Det me finn i desse måla, er former som er nærskylde arv, til dømes tysk Erbe (m. ‘erving’) og Erbe (n. ‘arv’) og gamalengelsk ierfe (‘arv’). Om me går utanfor det germanske målområdet, er det berre i keltisk me støyter på former som er nærskylde arv. Nokre granskarar gissar difor at arv kjem derifrå. Ein god slump av dei stats- og privatrettslege nemningane våre kjem just frå keltisk, som embete og rike.
Frå arv kjem ord som erva (‘få til eige; få overført’), erve (n. ‘arv; gravøl’), erving, erveleg og ervesynd. I moderne nynorsk kan me velja å bruka former på a- i mange av desse tilfella: arva, arving, arveleg, arvesynd. Her gjer me som i norrønt og landsmål og lèt erve-orda (som i målføra gjerne vert uttala ærve-) få lufta seg. Merk elles at erve (norr. erfi) ter seg i det norrøne litterære omgrepsapparatet: Erfidrápa og erfiflokkr er ‘kvede til ære for ein avliden’. Dråpa hadde omkvede og var rekna som gjævare enn flokken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.