Folk har nok støtt lika å pynta seg, men fritt fram har det aldri vore. Her finst reglar for kven som skal pynta seg på kva måte ved kva høve. Om me bryt reglane, kan me vekkja alt frå venleg nyfikne til reinspikka illvilje og vreide. Dei som stasar seg opp meir enn det som vert rekna som høveleg, får høyra det, i alle fall om stasen går for å vera smaklaus. Kan henda har nokon sett jåle-utnamn på dei. Berre i Norsk Ordbok finn me over tretti slike nemningar, som byjåle, tulljåle, jålepels og jåleskrukke.
Substantivet jåle (og jål, jåleri osb.) skal koma av jålebukk, som etter alt å døma er same ordet som jolebukk. I alle fall er det den opphavssoga me får om me slår opp i det utifrå gilde verket Våre arveord av Bjorvand og Lindeman. Dei viser korleis norrønt jóla- i nokre mål kan ha vorte endra til jála-, og dei skriv at denne forma kan ha overlevt i samansetjinga jålebukk, som seinare har gjeve oss nye ord, som jåle. Når det gjeld sjølve tydinga, er det lett å sjå at jolebukk kan liggja til grunn for jålebukk. Jolebukkane kleder seg ut (stasar seg opp) og fer ikring og syner seg fram. Men kjem alle jåle-orda frå jolebukk?
Det er ikkje godt å seia. I artikkelen om jålebukk i Nynorskordboka, Bokmålsordboka og Norsk Ordbok står det inkje om ordsoga. I Det Norske Akademis ordbok er koplinga til jolebukk (bm. julebukk) nemnd, men når me slår opp substantivet jåle, får me ei tilvising til artikkelen om verbet jåla (bm. jåle). Der står det at jåla er i ætt med verba gøy og gaula. Om me slår opp jåla i dei andre ordbøkene, finn me liknande utgreiingar. I Nynorskordboka står det at jåla kan vera i ætt med gåle (‘tosk, skjemtegauk’). Gåle er òg nemnt i artikkelen om jåle i Norsk Ordbog av Aasen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.