Spissane i fagrørsla må stundom setja saker på spissen, og då hender det at konfliktane spissar seg til. Men det er ikkje berre spissane som har spisskompetanse: Me andre kan spissa både øyro og blyantar, og nokre av oss er spissborgarar til fingerspissane – med tungespiss-r attpå.
Litt spissformulert kan me seia at spiss (m.) og spiss (adj.) er nykomarar i norsk, i alle fall jamført med arveord som brodd, odd, kvass og skarp. Spiss-orda er komne til oss frå (låg)tysk, og me finn dei ikkje som oppslagsord i norrøne ordbøker. Der finn me berre spís (el. spíz), som tyder ‘krydder; velsmakande mat’. Det same ordet – då i forma spiss – er med i Norsk Ordbog (1873) av Ivar Aasen. «Det er godt spiss», seier folk om svært velsmakande fisk, opplyser Aasen. Men dette ordet er ikkje det same som det spiss me møter i pilspiss og spissvinkla. Inkjekjønnsordet spiss (norr. spís el. spíz) kjem av mellomalderlatin species og er i ætt med engelsk spice og fransk épice (‘krydder’).
Det ser ikkje ut til å vera noko samband mellom spiss (‘noko skarpt’) og spiss (‘velsmakande mat’). Når me nyttar spiss (‘noko skarpt’) om mat, til dømes i ordlaget «setja ein spiss på», tyder det rett og slett at maten får ei skjerpande smakstilsetjing. Slik sett er det rimeleg at spiss (‘noko skarpt’) er i ætt med engelsk spike (‘setja piggar på; sprita opp’, t.d. «spike the punch»). Brennevin har jamnast ein skarp smak (jf. «ta ein skarp ein»), og nokre stader i landet kan dei finna på å «spissa kaffien» (d.e. gjera kaffi(dokter)en sterkare).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.