Ord om språk

Spinnvill spinnoff

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

No ser eg atter spindelvev på hagemøbel, rekkverk og i busk og kratt, og heggspinnmøllen herjar i ein hegg her att. Det er vel mogleg å spinna vidare på dette? Mange av oss kjem i alle fall til å råka borti spinn i sumar, anten me fiskar med spinnar, er på tivoli og et sukkerspinn, strevar på spinningsykkelen eller sit ute og høyrer ein motor som spinn jamt og fint.

Spinna (norr. spinna) vart so vidt nemnt her i april, då me saumfór spenna (‘spila, strekkja ut; stramma’) og spenne (t.d. beltespenne). Alle tre kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘strekkja, fletta, veva’. Derfrå kjem òg verbet spana (‘draga ut; opna vidt’, og etter påverknad frå svensk: ‘halda auga med’) og hankjønnsordet spune (‘det å spinna; noko som er spunne eller skal spinnast; basketak’).

«Ein lyt spinna før ein kan spøta», seier ordtaket. Der har me hovudtydinga til spinna: ‘laga tråd’. Denne tydinga møter me i ei rad samansetjingar, vendingar og ordtak, som «naud lærer naken kvinne (el. kjerring) å spinna», «vinninga går opp i spinninga», «spinna silke på noko» (‘få (økonomisk) føremon av’), spinnekone (‘ei som lever av å spinna for folk’), spinnemaskin og spinneri.

Kongroer og insektlarver har spinnekjertlar som skil ut byggjevyrke til fangstnett. Me menneske har noko slags spinnekjertel oppi hovudet, for me kan spinna i hop historier (jf. oppspinn), laga eit spinn av små lygner og snubla eller gå oss vill i vårt eige hjernespinn eller tankespinn.

Det er òg lett å gå seg vill i spinnet til spinndoktorane. Dei er gode til å gjeva hendingar og informasjon ei vinkling som gagnar politikaren, partiet eller verksemda dei arbeider for. Spinndoktor kjem frå engelsk, der verbet spin ofte vert nytta om snøgge rørsler: ‘snu snøgt, svinga rundt, (få til å) gjera roterande rørsler, snurra’. Frå engelsk kjem òg spinnoff og spinning (kondisjonstreninga).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement