Spelar intelligentsiaen sjakk?
Filosofen Moses Mendelssohn spelar sjakk mot ein kristen leiar, Johann Kaspar Lavater, men sjakken er allegori for ein mykje større strid i Europa om jødisk gettomentalitet sist på 1700-talet.
Målarstykke av Moritz Daniel Oppenheim (utsnitt)
«Sjakk var opium for intelligentsiaen», skreiv ein amerikansk historikar, i ein parafrase av Lenin, om det sovjetiske sjakkeventyret. Men Sovjetunionen er (burde vera) historie, kva med sjakkverda i dag?
Temaet er sårt, så vi må vera presise. Wikipedia skriv at ein kan kalla andre for intellektuelle, men at berre ein idiot seier om seg sjølv at han er intellektuell. Som ein fransk filosof kunne ha sagt: «Eg er ein intellektuell, altså er eg (ein idiot)». Kor som er, vi må ha ein definisjon, sidan intellektuell og intelligent ikkje er det same. Definisjonen til den franske filosofen Sartre er lovande: «Ein intellektuell er ein som blandar seg med ting han ikkje har noko med.»
Ein annan bruksdefinisjon er at intellektuelle har interesse for litteratur, kultur, kunst og filosofi, altså ein typisk Dag og Tid-lesar.
Til overskrifta har eg fire svar/observasjonar.
Observasjon 1: Norske kjendisintellektuelle kan sjakk, og somme har gode resultat frå unge år, som sosiologane Dag Østerberg (juniornoregsmeister i 1956) og Rune Slagstad, historikaren Øystein Sørensen og ekstremismeforskaren Thomas Hegghammer. Den beste sjakkspelaren i denne professorgjengen er den meir ukjende Beckett-forskaren Erik Tonning frå Bergen, som nådde nesten elitenivå før han brende sjakkbrikkene på bålet.
Det er interessant kvifor dei slutta (observasjon 2): Dei lika ikkje konkurransen; sjakk er ikkje fint nok. Tre unnatak som framleis spelar (alle litt under meisternivå), er historikarane Tor Egil Førland og Kjetil Jakobsen og filologen Ernst Håkon Jahr.
Observasjon 3: Det var fleire intellektuelle i sjakken før Carlsen og andre gjorde sjakk til (e-)sport. Den største intellektuelle før krigen var verdsmeister og universalgeni Emanuel Lasker (filosof og matematikar), medan Mikhail Tal og Garri Kasparov er døme på verdsmeistrar som har russisk litteratur under huda.
Den siste observasjonen er at den typiske intellektuelle toppspelaren kjem frå det postsovjetiske området, som russaren Petr Svidler og armenaren Levon Aronjan. Kasparov har ei intellektuell forklaring: I russiske val er reglane uklare, men resultatet kjent; i sjakk er det omvendt: reglane er klare og resultatet ukjent. Så sjakk er ein interessant arena for intelligentsiaen.
I Noreg er sjakk berre ein hobby for intelligentsiaen; samfunnet er meir interessant.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.