Spel eller spoiler?Heltediktet byrjar med ein prosastubb som går slik: «Gudrun hemnde brørne sine som vide kjent. Ho drap fyrst Atles søner, dinest drap ho Atle og brende halla og heile hirda. Dette kvadet handlar om det» (oms. Knut Ødegård). Med andre o
Heltediktet Atlekvedet byrjar med ein prosastubb som går slik: «Gudrun Gjukesdotter hemnde brørne sine som vide kjent. Ho drap fyrst Atles søner, dinest drap ho Atle og brende halla og heile hirda. Dette kvadet handlar om det» (oms. Knut Ødegård). Med andre ord: Diktet opnar med å røpa alle dei dramatiske høgdepunkta sine. Kva er greia?
Tekstene i Den eldre Edda vert gjerne omtala som dikt eller kvede. (Somme vel òg å sjå på dei som skodespel.) Men alle som har lese desse tekstene, veit at mange av dikta òg inneheld forteljande avsnitt i ubunden form. Eddadiktet er såleis ein blanda sjanger som rommar både poesi og prosa – eller me kan herma etter islendingane og tala om «bunde mål» (poesi, vers) og «laust mål» (prosa). Blandinga av dei to formene er slett ikkje særmerkt for eddadiktinga. Mange norrøne tekster, til dømes fornaldarsoger og islendingesoger, vekslar mellom forteljande tekst i ubunden form og diktstrofer i bunden form.
Prosainnslaga i eddadikta har vore tolka på ulike måtar. I nokre tilfelle har granskarar meint at prosaen fyller ut hòl etter bortkomne strofer. Andre gonger knyter prosaen ulike tekster saman – slik Hymeskvedet og Loketretta vert kopla i hop – eller set diktet inn i ei større kontekst. For ein moderne lesar fell det lett å tenkja at prosastubbane er eit underordna tillegg til hovudteksta, men publikum i mellomalderen kan ha hatt eit anna syn på saka. I alle fall ser me jamleg at prosaen og poesien utfyller, nyanserer eller til og med motseier kvarandre, mellom anna i Volundkvedet. Prosainnleiinga tek til å fortelja om Volund og brørne hans og korleis dei éin dag møtte tre kvinner som sat og spann lin med svanehamen sin attmed seg. Diktstrofene opnar med ferda til dei tre møyane: Dei kom flygande sørfrå. Prosaen seier at dei vart verande i sju vintrar, strofene seier at dei fór den niande vinteren. I staden for å undrast på kva som er rett og galen versjon, kan me spørja: Kva tyder dette spelet? Kva gjer det med teksta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.