Frå bridgeverda
Spaltist med klasse
Susanna Gross var ein god bridgespelar og ein glitrande bridgejournalist.
Foto: Roy Letkey
Ei britisk bridgeveninne la nyleg ut eit bilete i sosiale medium av sitt eige lag, med namnet Susanna, som hadde gått sigrande ut av det ho kalla Susanna Gross-cupen. Kommentar: «So bittersweet.»
Slik fann eg ut at Susanna Gross har gått bort, berre 58 år gamal, etter lang tids kamp mot lungekreft. For norske bridgespelarar er ho neppe noko kjent andlet, men eg hugsar ho godt frå ei tid då eg hadde gleda av å spela bridge i London. Nokre menneske har eit lysande nærvær i alle rom dei går inn i, og ein venleg smil som røper både sjarm og eleganse.
Nokre gode eigenskapar er ein sikkert fødd med, men ein del må vel òg odlast fram gjennom det sosiale livet. Susanna Gross kom frå ein jødisk familie på høgste intellektuelle hylle. Faren var John Gross, ein prominent forfattar og litteraturkritikar. Mora Miriam – som enno lever – er òg forfattar og har vore litterær redaktør i fleire av dei største britiske avisene.
Heimen deira i London vart frekventert av fleire kjende forfattarar og kunstnarar, som nobelprisvinnaren Harold Pinter. Susannas bror Tom er ein profilert utanrikskommentator og ekspert på Midtausten, medan ho vart gift med John Preston, forfattar blant anna av romanen A Very English Scandal, som seinare vart til ein TV-serie med Hugh Grant i ei hovudrolle.
Nok om alle andre; Susanna Gross hamna sjølv i medieverda, ho var blant anna litterær redaktør i The Mail on Sunday og skreiv frå år 2000 og inntil nyleg bridgespalta i den konservative nyhendemagasinet The Spectator.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.