Soyabønner
Er det Noreg eller norsk landbrukspolitikk som treng soya frå Brasil?
Den store regnskogdreparen er ei lita, lysebrun bønne. Men endar ho sine dagar i Noreg?
Foto: Rodolfo Buhrer/AP/NTB scanpix
Dei siste par vekene har vi fått nyansert ei rekke sanningar frå brasiliansk Amazonas. Då ei røyksky mørkla São Paulo nokre timar, vart det med eitt stor merksemd kring at det brenn i Amazonas: Fyrst fekk vi høyre at det brenn som aldri før, og at verdas lunger er i ferd med å kollapse. Etter kvart vart det heile redusert til at det brenn mykje, men ikkje mest, og at Amazonas som verdas lunger eigentleg ikkje er heilt slik ein regnskog fungerer.
Men éi opplysning må då vere temmeleg grei å ta innover seg: Det beste du kan gjere for regnskogen, er å ete mindre kjøt. Dei viktigaste årsakene til eldspåsetjinga er nemleg landbruket: beiteland til kyr og – ikkje minst – produksjon av soya til dyrefôr. Soyabønner er Brasils viktigaste landbruksartikkel.
Men denne samanhengen med å ete kjøt i Noreg – er det eigentleg så enkelt? Noreg importerer kring 1 million tonn soya kvart år, ifylgje Felleskjøpet. 80 prosent går til fôr til laks, 20 prosent går til dyrefôr – fyrst og fremst til kylling, så til mjølkekyr, verpehøner og ein smak til gris og sau. Så å seie alt kjem frå Brasil. Men Brasil er stort, større enn heile Europa, og det vert dyrka soya mange stader. Det er delstaten Mato Grosso som leverer brorparten av soyabønnene vi får til Noreg – og den delstaten strekker seg ikkje lenger inn i Amazonas.
Sanninga er at Noreg ikkje kjøper soyabønner frå Amazonas i det heile, i det minste ikkje frå nyleg avskoga område. Det er fordi vi berre kjøper RTRS- og Proterra-sertifiserte soyabønner: Round Table Responsible Soy og Proterra sertifiserer soyabønner frå jord som ikkje er frå «økosystem med høg verneverdi». Det inkluderer regnskog, og det inkluderer savannebiotopen cerrado, som store delar av Mato Grosso er dekt av.
Global etterspurnad
Altså kan vi halde fram med å hive innpå kylling og kjøtkaker som om det ikkje var nokon morgondag? Nei, så enkel var heller ikkje verda. Etterspurnad etter soya i verda er sterkt veksande, og om Noreg berre kjøper «avskogingsfri» soya, inneber det at andre, som set lågare krav, må kjøpe soya frå avskoga område i Amazonas. Selskapet vi kjøper soya av, er òg det same. Då eg intervjua berekraftsjefen i soyaprodusenten Amaggi, som står for store delar av soyaeksporten til Noreg, i 2015, var dei klare på at det ville verte særs vanskeleg for dei om særleg fleire kjøparar stilte same krav som Noreg.
Under slike føresetnader vert det rett å spørje, ikkje berre om det går føre seg grønvasking, men om ein grønvaskar kvarandre: Noreg briskar seg med sertifisert soya, Amaggi med at dei kan levere han, medan alle veit at berre 2 prosent av all soyaproduksjon i verda kan sertifiserast slik.
Politiske svar
Så. Hjelper det å slutte å ete kjøt? Vi må iallfall slutte å ete oppdrettslaks samstundes, om det i det heile skal vere noko poeng. Men sjølv då er dette storpolitikk som treng storpolitiske løysingar.
Den enno løynde frihandelsavtalen mellom Noreg og Brasil, som truleg opnar for meir import av mellom anna soyafôra kyllingkjøt frå Brasil, er både eit dårleg signal og eit elendig tiltak. Men politikken stikk djupare:
Treng vi eigentleg soya i Noreg? Oppdrettslaksnæringa importerer meir fôr – for det meste soyabønner og fiskemjøl produsert frå ansjos, som vi menneske kunne ha ete direkte – enn ho eksporterer, og er såleis eit overskotsprodukt. Det same kan vi seie om kylling: Vi et kring 50.000 tonn kylling kvart år i Noreg. Det er mykje. Kring 6000 tonn er totalt overflødig – av di vi i staden kunne ete dei verpehønene som i dag berre vert brukt som råvare i betongproduksjon.
Og sist, men ikkje minst kunne vi slutte å produsere meir mat enn vi treng: I dag er det overproduksjon av kumjølk, geitemjølk, egg, svinekjøt og lammekjøt i Noreg. Samstundes er bønder i alle desse produksjonane nøydde til å presse ytinga på produksjonsdyra sine – meir mjølk per ku, meir lammekjøt per søye, større egg per høne – mellom anna gjennom meir intensivt kraftfôr, med større trong for råvarer som soya. Alt fordi vi har ein volumstyrt landbrukspolitikk og eit usunt syn på mat som noko billeg.
Å gjere noko med dette ville vere bra for både norske bønder, brasilianske urfolk og småbønder, det globale klimaet og samvitet til oss som likar godt kjøt. Då vert det nesten dumt å late vere.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mest truleg kjøper
ikkje Noreg soya-
bønner frå Amazonas
i det heile.
Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.