Sovjetisk honning
For nokre år sidan kommenterte Carlsen at Anand i eit parti «udogmatisk hadde bytt ein ‘god’ springar mot ein ‘dårleg’ laupar på same vis som Flohr i partiet mot Goldberg i Moskva i 1949». Kven hugsar remispartiet til Flohr, som elles ikkje var noko å leggja seg på minne? Kven var eigenleg Flohr – og kva gjorde han i Moskva under Stalin?
Salomon Flohr vart fødd i ein ukrainsk-jødisk familie med åtte born. Foreldra og seks av borna døydde i pogromar mot slutten av den fyrste verdskrigen, men «Salo» og storebror Moses kom seg til det nye landet Tsjekkoslovakia i 1918. Det var eit lukkeleg val for vesle Salo, som lærte sjakk og vart ei verdsstjerne ti år seinare.
I 1930-åra fekk Flohr fleire invitasjonar til Sovjet, der han møtte ein luksus han aldri hadde sett. Han fekk alt han peika på. Men samstundes vart han sjikanert i sovjetpressa: Tsjekkaren spela «borgarleg og materialistisk» sjakk (kva no det tyder), medan sovjetikonet Botvinnik representerte den perfekte nye sovjetisk-vitskapelege sjakken.
Ein dag i Moskva var Flohr på veg mot Bolsjoj-teateret. Utanfor teateret vart han resolutt stoppa av ei vakker ung kvinne som lurte på om han hadde ein ekstra billett. «Det kan eg vel fiksa», sa Flohr. Ein time seinare sat dei to i ministerlosjen. Flohr vart hugteken i Raisa, som presenterte seg sjølv som filmskodespelar. Ho reiste med han attende til Praha, men ho snakka heile tida om Moskva. Flohr hadde etter kvart ingen illusjonar om sovjetisk lukke og var meir oppteken av å utfordra den fransk-russiske verdsmeisteren Alekhin til ein mogleg VM-kamp i Praha i 1939.
Til sjakkturneringane hadde Raisa alltid med seg hunden «Berri». Sjølv fekk ho kallenamnet «dama med hunden» etter ei Tsjekhov-novelle, medan hunden fekk nytt namn då nokre «kontaktar» i Moskva tykte «Berri» var for likt «Berija», leiaren for det hemmelege politiet. Ekteparet krangla stadig meir kvar gong Sovjet var tema. Men etter München-avtalen i 1938 vart situasjonen for jødar i Praha uuthaldeleg, og Salo gjekk med på flykta til Sovjet som ein siste utveg. Dei to skilde lag, men i 45 år var Flohr ein gallionsfigur i sovjetisk sjakk.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.