Sovjet mot resten
På andrebordet imponerte Fischer med 3–1 mot solide Petrosjan.
Ideen oppstod 25 år tidlegare, i 1945, då supermaktene Sovjetunion og USA møttest til ein radio-tvikamp. Suverene Sovjet vann heile 15,5–4,5. «Det er Sovjet mot resten av verda som gjeld framover», kommenterte den polsk-franske stormeisteren Tartakower. Så kom den kalde krigen og gjorde eit slikt oppgjer praktisk vanskeleg å arrangera, men ideen levde vidare.
Alle VM-kampar dei neste 25 åra hadde to sovjetarar i hovudrolla. Samstundes hadde Vesten i 1970 fått fram Bobby Fischer og ein heilt spesiell danske. Kunne dei saman stogga Sovjet? Det mest sjakkgalne landet på den tida, Jugoslavia, makta endeleg å få på plass hundreårets tvikamp: Sovjet mot resten av verda. Oppgjeret for 50 år sidan hadde prestisje, intrigar og eit sportsleg nivå sjakkverda aldri hadde sett. Det var publikum i tusental og journalistar i hundretal på plass i Beograd. Tito-kommunistane i Jugoslavia var perfekte som arrangørar, då landet ikkje hadde brote alle band til Vesten og heller ikkje var altfor tett knytt til Sovjetunionen.
Eksverdsmeister Max Euwe var lagleiar for resten av verda (inkludert spelarar frå austblokken). Han nytta eit heilt nytt system, utvikla av professor Elo, for å finna fram til dei ti beste spelarane utanfor Sovjet: rating. Det var likevel eit spørsmål om fyrstebordet. Like før start kom danske Bent Larsen, den mest meritterte turneringsspelaren i slutten av 1960-åra, med eit ultimatum: Han gjorde krav på fyrstebordet – og overraskande for alle gjekk Fischer med på dette.
Sovjet stilte med verdsmeister Boris Spasskij på fyrstebordet, fire eksverdsmeistrar (Petrosjan, Smyslov, Botvinnik og Tal) og dei to største som aldri fekk VM-tittelen (Kortsjnoj og Keres). Alle dei 12 sovjetarane (to reservar) var i verdseliten. Ein slik bukett samla på eitt lag vil ein aldri få sjå att.
Men resten av verda var ikkje skuggeredd: På fyrstebordet vann Larsen 2,5–1,5, på andrebordet imponerte Fischer med 3–1 mot solide Petrosjan. Resten av verda vann òg på tredje- og fjerdebordet. Men så kom den sovjetiske maskinen med den eine sigeren etter den andre nedover borda. Resultatet vart sovjetisk siger 20,5–19,5.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.