Ord om språk
Sova i timen
Å koma for seint til timen er daglegdags for nokre og utenkjeleg for andre. Dei sistnemnde trivst best når dei ligg eit godt stykke framfor timeplanen, og dei skjønar seg ikkje på folk som jamt kjem halsande i ellevte eller tolvte time. Skal tru om ein vert god til å koma på timen om ein har timeglasfigur? Det finst nok folk i den gruppa òg som skulle ha teke privattimar i timing.
I dag har time hovudtydinga ‘tidseining lik 1/24 av eit døger, 60 minutt’. Før var det helst stund som vart nytta i den tydinga, og slik er det framleis i nokre mål (jf. t.d. islandsk klukkustund ‘(klokke)time’ og tysk Stunde ‘time’). Norrønt tími vart gjerne nytta i tydingane ‘tid’, ‘tidsrom’ og ‘gong’ (t.d. í annan tíma ‘ein annan gong’). Desse tydingane er framleis med oss. Seiemåten «timen er komen» svarar til «tida er inne», og ordet lagnadstime kan ofte bytast ut med lagnadsstund.
Time er nærskyldt tid. Det er mogleg at tid kjem av ei rot som tyder ‘lysa’, og at ordet har endra tyding frå ‘lysing’ til ‘ljos tidbolk’ til ‘dag’ og meir ålment ‘tid’. Kor mange dugnadstimar som er lagde ned i arbeidet med denne tydingsendringa, er uvisst.
Ein timeout (frå eng.) er ikkje timelang. Sant å seia er det mykje som vert kalla time, som er stuttare enn ein time. Likevel kallar me ikkje desse timane «dei små timar», for det er noko anna. Ein skuletime plar vara 45 minutt (t.d. mattetime, historietime, dobbeltime). Ein lækjartime kan vera over på få minutt, medan andre timar, til dømes ein frisørtime eller køyretime, fint kan gå over ein time. Mange vendingar med time har likevel klokketimen som grunnlag, som «ein times tid», «halvannan time», «ein halvtime», «ein liten time» og «kilometer i timen».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.