Ord om språk
Søtlåten poplåt
Kvifor gjera gode miner til slett spel når me kan låta vel om leiken låke? Her skal me fyrst og fremst låta vel over låta. Me kunne ha byrja med ein oppvarmingslåt, men å spela på låtvare (lydbære) strenger er vågelege greier. Kan henda hadde det vorte berre ulåt – eller eit fælt lurvelæte.
Låta er opphavleg same ordet som la(ta). Dei kjem av norrønt láta (‘gjeva lov til, ikkje hindra; gjeva frå seg; få fram ljod; seia; skrika; bera seg åt’). I islandsk og svensk er stoda mykje den same som i norrønt: Islandsk láta og svensk låta kan tyda både ‘lata’ og ‘låta’ (jf. svensk «jag låter henne följa med», «gitarren låter hemskt»). Dansk lade har vore nytta om å gjeva frå seg ljod, men ordet har nok mist den tydinga i dag. I norsk og færøysk har verbet mestsom kløyvt seg. Færøyingane skil mellom lata og láta om lag slik me skil mellom lata og låta.
Grunntydinga til låta er ‘sleppa ut ljod’. Låta og lata er i ætt med adjektivet lat (eng. late) og kjem av ei rot som tyder noko slikt som ‘gjeva slepp, løysa (på)’. Mange av dei nære slektningane til låta viser til ljod, til dømes låt, men nokre av orda boltrar seg på eit større område. Det gjeld framfor alt læte, som i tillegg til ‘ljod, røyst, mæle’ (fløytelæte, fuglelæte, kattelæte) har tydingar som ‘omtale, dom’ (vellæte, illelæte), ‘tilgjersle, falsk framferd’ («det er berre læte»), ‘noko svært lite, ei lita mengd’ («låna eit læte mjøl») og ‘klage, syting, gnål’ («det var då fælt til læte»).
So har me ordet låten, som jamnast vert nytta som etterfeste i dag. Då svarar det til -voren og -aktig, jamfør storlåten, smålåten, varlåten og godlåten. Låten kan òg tyda ‘klagande, jamrande’. Ikkje all låt er stygglåt eller sutrelåt, men låt-orda vert ofte nytta om ljodar og utsegner som målber misnøye, smerte og redsle. Slik sett er det rimeleg at låt og låta rimar på gråt og gråta: «Ho gret og lét.» «Dei kom inn med gråt og låt.» Nokre har god grunn til å leggja i veg med jammerlåten sin. Andre læt i utrengsmål: «Dei er ikkje alle so låke som dei læt til.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.