Frå historia

Sorger og gleder på isen

Verdsmeister Kornél Pajor frå Ungarn i aksjon i VM på skøyter på Bislett stadion 20. februar 1949.
Verdsmeister Kornél Pajor frå Ungarn i aksjon i VM på skøyter på Bislett stadion 20. februar 1949.
Publisert

Organisert norsk idrett låg nede under krigen. Då freden endeleg var komen, måtte det startast på nytt.

Det tok litt tid å kome i gang.

Utgangspunktet var bra. På skeisebanen var alle verdsrekordane framleis norske, bortsett frå rekorden på 5000 meter, som svensken Åke Seyffarth hadde stukke av med.

I OL i St. Moritz i 1948 tok nordmennene alle gullmedaljane, bortsett frå på 10.000 meter, der den same Seyffarth tok det edlaste metallet i ei issørpe skapt av ein ilter fønvind.

Europameisterskapen i Davos i 1949 vart Sverre Farstads store triumf. Han snusa på begge verdsrekordane på kortdistansane og vart ein suveren europameister.

Høgfjellsbanen i Davos viste seg frå si beste side, og det vart gått fort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement