Frå historia
Sorger og gleder i skisporet
Hallgeir Brenden vinn det olympiske 18-kilometersrennet i Holmenkollen i 1952.
Foto: Aktuell / NTB
Å vere sportsinteressert er å ha ei tung bør å bere i livet. Det kan medføre tunge og slitsame kjensleopplevingar – glade når det går bra for favorittane våre, og triste når lukka ikkje smiler. Nederlaga kan vere bitre og uopprettelege. Dette er det ikkje orden på. I tillegg medfører denne interessa at minnet vårt er nedlasta med enorme mengde unyttig og ubrukbar faktakunnskap. Det finst ingen kjend kur eller medisin for desse påkjenningane.
I 1948 kom dei olympiske vinterleikane i gang igjen, etter eit opphald på tolv år. Møtestaden var Sankt Moritz i Sveits. Som vanleg ved dei olympiske leikane galdt det nasjonens ære. Noreg gjorde reint bord i hoppbakken, og skeiseløparane tok det meste. Rettnok øydela fønvinden isen før titusenmeteren, og ein svenske og eit par finnar stakk av med medaljane.
Men langrenna var ein katastrofe. Svenskane tok det meste: Mora-Nisse og Martin Lundstrøm tok gullmedaljane. Nordmennene – Martin Jære og dei andre – var å finne langt nede på listene.
Det var sårt og vondt. Vi var betre vane enn dette.
Vi viste verden vintervegen, skreiv Aftenposten etter ein strålande norsk dag i førre OL, i Garmisch i 1936. No var det knapt at verda såg oss i løypene i Sankt Moritz.
Neste OL var i Oslo i 1952. Der sopte Hjallis isen med konkurrentane. I hoppbakken tok vi dobbelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.