JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sorg og sut

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2350
20171229
2350
20171229

«Ein gjer seg ofte stor sut for lita sak», heiter det seg. Me er mange som kan sanna den påstanden. Likevel hender det at sutfulle folk syter for å syta i løynd, so dei slepp å verta omtala som sytepave, sytekopp, sytepeis, syteskreppe, syteskrukke, sutekolle, sutekvartel, suteklut, sutebrok eller sutrepave. Ja, «dei vil alltid klaga og kyta» – og syta. Men kan me syta for noko utan å vera sutfulle?

Visst kan me det, på same vis som me kan syrgja for noko utan å vera sorgfulle. Bakgrunnen til sorg og sut er noko uviss, men me kan trygt slå fast at desse to orda har mange sams drag. Båe har gjeve oss verb – syrgja og syta – som både kan tyda ‘vera uroleg eller lei seg’ og ‘passa på, skaffa’. I tillegg har me tvillingane omsorg og omsut. Men skilnader finst òg, til dømes det at syta kjem med eit kraftigare ljodspor enn syrgja. Sistnemnde viser ofte til det å kjenna eller vera prega av sorg, medan syta og slektningen sutra gjerne vert bruka om å målbera sorg eller uro, til dømes gjennom jamring og klaging. Me skil difor mellom sorg og sut på den eine sida, og syt og syting og sutring på hi sida.

Sidan det stundom er mishøve mellom styrken på sytinga og saka me syter over, hender det at me syter for dauve øyro: Folk bit ikkje på, rett og slett. «Eg syter deg ikkje», kan dei seia då (‘eg synest ikkje synd på deg’). Eller so seier dei at du «ikkje er til å syta». Du lid inga naud, med andre ord. Nauda er monaleg større for den som ikkje er i stand til å «syta seg» (greia seg sjølv).

Om du ikkje er sjølvforsytande, gjeld det å finna seg ein omsutsfull forsytar (jf. forsyrgjar). Eigen forsytar er betre enn mange andre former for fattigforsyting, som den gamle legdeordninga. Me har til dømes familieforsytarar og eineforsytarar. Dei kan greia mykje, dei, men om forsytingsbyrda vert for tung, er det lett å syta for (uroa seg for) framtida. Ja, om du må syta for fleire personar enn du maktar, er stoda di på alle måtar sytande: «værd at bekymre sig eller ængstes for» (Norsk Ordbog). Då baksar du med matsuter eller næringssuter og anna sutegnag. Hjartesuter og kjærleikssuter plar òg vera sytande. Finst det sutlaus kjærleik i det heile? Livslang sutløyse finst i alle fall ikkje, so me treng nokon å dela gleder og suter med.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis