Søpla
Ein illustrasjon på korleis romsøppel går i bane rundt jorda.
Foto: Wikipedia
Søpla er eit tilleggsprodukt, eit tillegg til det vi eigentleg driv med. Og ho er ei historisk kjelde som fortel om den kulturen som skapte henne.
Vistehola på Nord-Jæren har vore bustad for menneske i tusenvis av år. Møddinghaugen, det oppsamla kjøkkenavfallet som dei kasta utanfor hola, er den beste kjelda til livet der. Denne haugen fortel om mat og livsvilkår.
Under utgraving i Oslo er det funne ein gammal do. Det som ligg der, fortel same historia, om ville dyr og matvokstrar i tida.
I gamle flintbrot ligg det forkasta fliser som fortel om teknikken ved å lage flintøksar. Og arkeologar har gjort det til eit prestisjefylt fag å grave i søpla frå fortida, i knuste krukker og glas. Nye søppelfunn kan endre historia.
Søpla har vore ein trufast følgjesvein for mennesket gjennom historia. Så lenge menneska budde spreitt, tok naturen mot den vesle søpla som kom, utan å mukke.
Då vi flytte saman for å bu tettare, og dessutan byrja med industri, dukka søpla opp som politisk problem og trengde seg inn historia. Alle byar med ein viss storleik slit i dag med søppelhandtering og veksande søppelfjell. Og naturen knurrar. Dette maktar han ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.