Sop ditt eige sorp

Publisert

Me skal ordna våre eigne saker før me legg oss borti sakene til andre folk, og eit ordtak seier det slik: «Det kan kvar sopa sitt eige sorp.» Ei anna løysing er å seia at folk må sopa eller feia for eiga dør. Me kan soleis målbera det same på mange ulike måtar, men eitt ord er med i alle dei nemnde seiemåtane: eigen.

I eldre grammatikkar og ordbøker er eigen klassifisert som adjektiv, men etter den nye ordklasseinndelinga (som for alvor kom i bruk etter tusenårsskiftet) er eigen klassifisert som determinativ. Orda i den klassa spesifiserer eller avgrensar det eit substantiv viser til. Eigen kan stå som einaste determinativ til eit substantiv («stå på eigne bein»), eller det kan stå saman med eit eigedomsord/possessiv («ikkje vita sitt eige beste», «min eigen feil»). Eigen er i alle tilfelle eit arveord (norr. eiginn), og i dei nærskylde måla finn me former som svensk og dansk egen, engelsk own, tysk og nederlandsk eigen. Ordet er opphavleg perfektum partisipp til verbet eiga. I same ætta finn me verbet eigna (eig. ‘gjeva til eige’), hokjønnsordet eign (‘eigedom, jordeigedom’), som eigenleg er same ordet som bokmål egn (‘strok, område’, frå dansk), og samansetjingar som eigenskap, eignelut og eigedom.

Me brukar ofte eigen om saker som høyrer til eller har noko med oss sjølve å gjera, jamfør «gå i eigne tankar», «sjå noko med sine eigne augo», «tykkja best om sine eigne (ungar)». I mange tilfelle kan me jamvel velja om me vil bruka eigen eller sjølv: Eigenrådug svarar til sjølvrådug, eigenkjærleik svarar til sjølvkjærleik. Slik sett er ordet sjølveigen (frå tysk) smør på flesk. Elles er det mange som meiner at folk som set eigenbaten eller eigeninteressene over fellesskapet og støtt stirer på sin eigen navle, kan sigla sin eigen sjø, jamvel om dei har ein eigen sjarm.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement