Songboka – det sosiale limet
Norsk Salmebok var den offisielle salmeboka til Den norske kyrkja i åra 1985 til 2013.
Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Wo man singt, da lass dich ruhig nieder;
böse Menschen haben keine Lieder.
Dette var ein del av tyskpensumet på gymnaset. «Der ein syng, er det trygt å vere. Vonde menneske syng ikkje», siterte tyskboka etter ein tysk diktar.
Vi hadde problem med sitatet. Det var kort etter krigen, og dei syngjande og marsjerande tyske soldatane var framleis levande i minnet, i det minste for meg som hadde ei tysk festning som næraste granne under heile krigen. Dei tyske soldatane song mykje, i alle fall første åra av krigen. Så enkelt som den tyske diktaren ville ha det til, var det ikkje med songen, meinte vi.
For vi song mykje, vi òg, på skulen, på søndagsskulen, på turar, på bedehuset, heime, kor som helst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.