No på sumarsida er det ikkje mange av oss som er plaga med naglesprett. Dersom me av ein eller annan grunn lyt arbeida med hendene i iskaldt vatn, kan den velkjende naglefrosten melda seg om sumaren òg, men i det store og heile er det lite naglebit (‘stikkande verk i fingrar eller tær etter frost’) å spora no. Naglebiting er det derimot mykje av. Aller mest er det kan henda når store tevlingar som OL og VM står på, for då sit tilskodarane ofte og bit negler i biletleg tyding.
Me kan nok ikkje seia at ordet nagl er ein hard nagl (‘hardfør, ubøyeleg e.l. person’), men ordet har halde godt på forma si gjennom hundreåra, so ein viss fastleik har det. I dei germanske måla finn me former som norrønt nagl, svensk nagel, dansk og bokmål negl, engelsk nail og tysk Nagel. Nagl er i ætt med ord i andre indoeuropeiske mål òg, til dømes latin unguis (‘nagl, klo’). Målføra våre byd på former som næggel, någgl, navvel og nau(e)l. Substantivet nagle (‘liten trebit eller pinne; bolt, spikar’) høyrer i hop med nagl. Det same gjer verbet nagla (t.d. «nagla saman noko», «stå som nagla fast»). I norrønt og klassisk nynorsk heiter det helst negla (e-verb): «Takbord og golv var neglde i hop.» Me skal òg merkja oss ordet naglefara (‘granska noggrant’). Det har truleg hatt grunntydinga ‘granska (ein reiskap) for å sjå om naglane sit’, og det har soleis mykje sams med saumfara.
Neglene våre kan vera lange, stutte, lakkerte, falske, inngrodde, svarte (skitne) eller blå. Me skal tola å få skit under neglene, og den skitne stripa under naglen vert stundom kalla syrgjerand (eig. ‘svart rand på brev, kring avisartikkel e.l. som teikn på sorg når nokon har døytt’). Dersom me ikkje er for ihuga med naglesaksa, naglefila eller naglebitinga, har me negler som me kan klora og skrapa med. Det er vel difor me kan bruka ordlaget «klippa neglene på nokon» om å ta maktmidla frå nokon (jf. «klippa klørne på nokon»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.