Som fuglen i sky
Fart i sakene vart det først då Joseph Montgolfier i 1782 sende opp ein varmluftballong.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Gjennom det meste av historia har menneska vore misunnelege på fuglane. Medan menneska måtte slite seg fram på jorda, til lands og til sjøs, kunne fuglane sorglaust sveve mot himmelen, utan vekt og tyngsle. Det har nok sett tillokkande ut for jordbundne menneske, som det framleis gjer.
Mange prøvde tankane sine på dette. Ein av dei var Leonardo da Vinci. Han prøvde å byggje vengjer til noko som likna eit glidefly. Det var ikkje liv laga.
Nokre hundreår seinare streva jesuittpateren Lana med ein ny tanke. Han ville tømme lufta ut av metallkuler for å sjå om dei då ville stige mot himmelen. Dei ville ikkje det.
Første ballongen som steig, var også tenkt fram av ein pater, Bartolomeo de Gusmao i Lisboa. I 1709 fekk han ein liten varmluftballong til å lette innomhus.
Fart i sakene vart det først då franskmannen Joseph Montgolfier i 1782 sende opp sin varmluftballong. Året etter laga han ein ballong med ein diameter på 11 meter, som kunne stige 1830 meter til vers. Seinare same året sende ein annan franskmann opp den første hydrogenballongen i historia. Han heldt seg oppe i 45 minutt, før han landa i landsbyen Gonesse, der vettskremde menneske reiv han i filler.
Men kven skulle først forlate det jordiske og dra opp i lufthavet i ballong? Kor risikabelt det var, kunne ingen vite. Og franskmennene gjorde som russarane då rommet vart tilgjengeleg. Russarane sende opp Laika, før Juri Gagarin og Valentina Tsjereskova kunne kome etter. Franskmennene sende opp ein sau, ei and og ein hane 19. september. 1783, rett før den store revolusjonen braka laus. Dette blanda selskapet steig til 550 meters høgd før dei vende velberga tilbake. Ein liten månad seinare var det første mennesket oppe i lufta, berre 26 meter oppe, og ballongen var ankra i bakken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.