Som fuglen i sky
Hydrogenballongen «Svea» som André-ekspedisjonen drog på polarferd med.
Foto: Wikipedia
Gjennom det meste av historia har menneska vore misunnelege på fuglane. Medan menneska måtte slite seg fram på jorda, til lands og til sjøs, kunne fuglane sorglaust sveve mot himmelen, utan vekt og tyngsle. Det har nok sett tillokkande ut for jordbundne menneske, som det framleis gjer.
Mange prøvde tankane sine på dette. Ein av dei var Leonardo da Vinci. Han prøvde å byggje vengjer til noko som likna eit glidefly. Det var ikkje liv laga. Nokre hundreår seinare streva jesuittpateren Lana med ein ny tanke: Han ville tømme lufta ut av metallkuler for å sjå om dei då ville stige mot himmelen. Dei ville ikkje det. Første ballongen som steig, var også tenkt fram av ein pater, Bartolomeu de Gusmão i Lisboa. I 1709 fekk han ein liten varmluftballong til å lette innomhus.
Fart i sakene vart det først då franskmannen Joseph Montgolfier i 1782 sende opp varmluftballongen sin. Året etter laga han ein ballong med ein diameter på 11 meter, som kunne stige 1830 meter til vêrs. Seinare same året sende ein annan franskmann opp den første hydrogenballongen i historia. Han heldt seg oppe i 45 minutt før han landa i landsbyen Gonesse der vettskremde menneske reiv han i filler.
Men kven skulle først forlate det jordiske og dra opp i lufthavet i ballong? Kor risikabelt det var, kunne ingen vite. Og franskmennene gjorde som russarane då rommet vart tilgjengeleg. Russarane sende opp Laika, før Jurij Gagarin og Valentina Teresjkova kunne kome etter. Franskmennene sende opp ein sau, ei and og ein hane 19. september 1783, rett før den store revolusjonen braka laus. Dette blanda selskapet steig til 550 meters høgd før dei vende velberga tilbake. Ein liten månad seinare var første mennesket i lufta, berre 26 meter oppe, og ballongen var ankra i bakken. Same året, seint på hausten, var det ein som kasta ankeret og flaut fritt.
Og så gjekk det slag i slag. Under den fransk-tyske krigen i 1870–71 omringa tyskarane Paris og stengde parisarane inne. Då brukte dei ballongar til å kommunisere med. 65 gonger drog fullasta ballongar ut av Paris. 165 personar kom seg ut, saman med ei mengd post. Éin av ballongane tok seg ein langtur og landa på Lifjell i Telemark etter ei ferd på 15 timar.
I 1908 sette ein sveitsar rekord i lufta ved å vere oppe i 72 timar på ferda frå Berlin til Molde.
No var polarekspedisjonane godt i gang, og tanken på å nå Nordpolen først, i ballong, vart tenkt. Den svenske ingeniøren Salomon August André var med ein meteorologisk ekspedisjon til Svalbard. I arbeidet der nytta han ballongen «Svea», som han hadde fleire oppstigingar med. Denne ballongen kunne styrast og ikkje berre følgje vinden. 11. juli 1897 letta han og to andre med kurs for Nordpolen. I starten vart styringa øydelagd. Etter tre dagar måtte dei naudlande langt oppe i isen. Så måtte dei gje seg på vandring for å gå heim. Og så var dei borte.
Andrés lagnad var gåtefull og utfordrande. Det vart leita, utan hell. Først i august 1930, etter 33 år, kom dei første restane for dagen, funne av ein norsk ekspedisjon. Same året hadde eit pressekonsern utrusta ein ekspedisjon for å leite. Dei fann leiren, med fotografi og dagbøker. Så vart den triste lagnaden deira kjend. Truleg døydde dei av trikinose etter å ha ete isbjørnkjøt, seier leksikonet.
Andrés ballongferd og lagnad har inspirert fantasi og ettertid. Han har fått sitt eige museum i Småland, og i 1968 fekk Per Olof Sundman Nordisk råds litteraturpris for ein dokumentarisk roman om ferda hans.
Første ballongoppstiginga i Noreg skjedde 28. august 1890 med ballongen «Norge».
Atlanterhavet vart kryssa med ballong i 1978, Stillehavet tre år seinare. Og så langt er høgderekorden 34.668 meter.
Men ballongen fekk inga lysande framtid. Medan fuglane kunne manøvrere mot vêr og vind, kunne ikkje ballongane det. Dei dreiv som korkar på havet, eller som fjører i vinden.
Om mennesket skulle kunne fly som fuglen, måtte det nye tankar til. Og dei kom.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.