Språk
Solstråle i stråleskin
Å stråla om kapp med sola vert jamnast rekna som noko gjævt og godt, jamvel om store mengder solskin kan vera farleg for oss. Me likar solstrålane, og me nyttar gjerne solstråle når me talar om folk som lyser opp tilværet: «Minstebarnet er solstrålen i familien.»
Kva med personane som lyser veikt eller gåtefullt? Me kunne ha omtala dei som månestrålar, men om me ser bort frå teikneseriefiguren Månestråle, vert månestråle snautt nytta om folk.
Sidan me ofte brukar stråle om det som lyser og skin, er det nærliggjande å tru at ordet opphavleg hadde med ljos å gjera. Men når me nyttar stråle om ljostilhøve, nyttar me det strengt teke i biletleg meining. Stråle, som er eit lånord frå lågtysk, har grunntydinga ‘pil’. Sjølvsagt! Ei pil er noko langt og smalt som vert skote ut, og det høver godt å nytta eit ord for ‘pil’ om andre lange og smale saker som vert skotne ut, som solstrimer (eller med eit endå gildare ord: solgeisler). Me kan òg bruka stråle om væske, jamfør ord som blodstråle, mjølkestråle, pissestråle og seiemåtar som «retta strålen frå brannslangen mot elden».
Ord som strålefare, strålevern og stråleskade fortel oss at strålane kan ha leie verknader. Samstundes veit me at strålar kan hjelpa oss med å stilla diagnosar (jf. røntgenstrålar) og drepa kreftceller (jf. strålebehandling). Høveleg mykje ultrafiolett stråling eller UV-stråling er bra for oss, men det som vert kalla UVC-stråling, er farleg i små dosar og kan jamvel nyttast til å desinfisera luft og vatn, seier Store norske leksikon. Mange har elles røynt at smerter kan te seg som strålar: «Smertene stråla frå nakken.» «Ho har sterke ryggsmerter med utstråling til høgre beinet.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.