No søkk temperaturen mange stader, og det hadde vore gildt om straumprisane sokk i same slengen. Søkkrike folk merkar vel snautt prisauken. Stoda er annleis for folk som er nedsøkkte i gjeld. Dei tykkjer nok at det å leva og bu er søkkande dyrt frå før, og nokre av dei vert kan henda so fortvila at dei ropar «fanden søkkje meg!» so høgt at det søkk i folk.
Søkka (norr. søkkva) er alt anna enn søkkjeferdig. Me grip ofte til dette ordet når me skal målbera at noko sig, glid nedetter, fer mot botnen og liknande («skipet søkk», «hjula søkk ned i gjørma»). Om me vil at noko skal søkka og halda seg nede, kan me festa eit søkke til det (t.d. eit blysøkke). Ikkje sjeldan nyttar me søkka om noko som glid ned eller bort i biletleg meining, som når «folk søkk ned fattigdom» og «gamle ord og vendingar søkk i gløymsle».
Verbet er sterkt og har denne bøyinga i nynorsk: søkk–sokk–sokke. I bokmål kan me velja mellom søkke (søkker–sakk–søkket) og synke (synker–sank–sunket, frå dansk). Islandsk sökkva, svensk sjunka, engelsk sink og tysk sinken er andre former av same ordet. Det kjem truleg av ei rot som tyder ‘falla, fara nedetter’. Av søkka kjem kausativet søkkja (‘få til å søkka’, fortid søkkte–søkkt). Her òg har me to former i bokmål: søkke (fortid: som i nynorsk) og senke (frå dansk). Substantiva søkk og senk er til dels overlappande. Til dømes kan me seia at nokon renner ei skute i søkk eller i senk. Her er det tale om å få noko handfast til å gå sund og søkka.
Men når me talar om å setja nokon ut av spel, nyttar me helst senk («sjarmera nokon i senk»). Når me talar om fordjupingar, døyvde ljodar og det å få ein støkk, er det søkk som får svinga seg («ha eit søkk i haka», «eit søkk i lendet», dalsøkk, myrsøkk; «det gav eit søkk i heile huset»; «det gjekk eit søkk gjennom meg»). Dessutan er det søkk (og søkke, søkkande o.l.) som vert nytta forsterkande: «Dei er søkk blaute (el. søkkblaute).» «Han er søkke dum.» «Det er søkkande godt gjort.» «Sykkelen er søkk borte.» Då er sykkelen som sokken i jorda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.