JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sokalla kallenamn

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2367
20180112
2367
20180112

Dei som kjenner seg kalla til å kalla ein spade for ein spade, vert stundom kalla inn på teppet. Dersom du har valt å fylgja kunstnarkallet eller av andre grunnar er din eigen sjef, står du litt friare til å kalla noko med det rette namnet – men kallenamn skal me visst vera varsame med.

Kalla er eit gamalt namn på ein gamal aktivitet. Hovudtydinga er ‘ropa’, men alt i norrønt var bruksområdet stort. Dei nytta kalla om å ‘oppmoda til å koma; gjeva namn; seia; krevja’. Mange av vendingane me nyttar i dag, fanst då òg, til dømes «kalla aptr» (kalla attende) og «at kalla» (å kalla, d.e. ‘so å seia, so godt som’: «Eg er skuldfri å kalla»). Stundom bruka dei kalla i den endeframme tydinga ‘ropa’, til dømes «kalla hátt» (ropa høgt). Slikt er meir sjeldsynt i dag, jamvel om nokre ropar når dei kallar på høgare makter. På 1800-talet høyrde Aasen at tydinga ‘ropa’ oftast dukka opp når det var tala om å lokka til seg dyr: «Ho kalla kyrne heim.» Når me talar om dyr, er kallenamn og lokkenamn synonyme ord.

Substantivet kall minner litt om ein kulokk: Eit kall er eit lokkande rop. Det er ikkje støtt me veit kvar ropet kjem ifrå, men når pliktene og naturen kallar, plar me fylgja kallet. Dessutan er det lurt å raska på når du er seint ute til flyavgangen og høyrer «this is the final call» («dette er siste oppropet»). Kall har elles fått den utvida tydinga ‘(distrikt for eit) embete’, jamfør prestekall.

Sidan me brukar kalla om å lokka og byda inn, er det å koma ukalla det same som å koma ubeden. Men om du kjem som kalla, kjem du akkurat i rette tid. Verre er det med det som er ugjenkalleleg slutt: Det lèt seg ikkje kalla fram att. Kalling er i det heile ei innfløkt, språkleg verksemd. Til dømes brukar me kalla om namn av ulike slag: «Ho heitte Marta og var oppattkalla etter farmor si, men til dagleg vart ho kalla Vesla.» Dessutan grip me gjerne til kalla når me vurderer og kommenterer vår eigen eller andre sin ordbruk: «Det er ein slik trilogi, dei kallar.» «Kallar du det å vaska?» «Han var ein sokalla ekspert.» I verste fall endar me opp med å kalla i tydinga ‘ropa utnamn til; skjella ut’ (jf. eng. «call somebody names»). «Han både kalla og banna.» «Dei andre ungane kallar meg!» Det er likevel ingen grunn til å gjeva avkall på kalla.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis