Ord om språk
Snu seg i grava
«Gråten grev ingen opp att or jorda», men gråta gjer mange av oss likevel. Å fylgja nokon til grava er inga lett oppgåve. Til alt hell slepp gravferdsfylgjet å ordna alt sjølv: Her finst gravarar, gravemaskiner og gravferdsbyrå. Somme står lenge med eitt bein i grava før dei går i grava, andre får ei våt grav. Stundom er vegen frå vogga til grava altfor stutt.
No skal ikkje gravalvoret få ta heilt over her, for grava er eit kjekt verb med mange avleiingar som ikkje kjem til å verta gravlagde med det fyrste. Dei som har grave seg attover i soga til grava, slit med å finna sjølve utspringet. Detaljane om opphavet er radt ein løyndom som grava tek med seg i grava. Det er lettare å finna andre former av grava, som norrønt grafa, engelsk (en)grave og tysk graben.
Å seia at graverande (‘alvorleg, grov’) heng i hop med grava, er jamgodt med å køyra denne spalta i grøfta. Graverande kjem av latin gravis (‘tung’). Heller ikkje grov (frå lågtysk) høyrer til her. Kva med gravera (‘rissa inn’)? Jau, gravera har kome til oss frå fransk, men det har germansk opphav og er skyldt grava. Andre ord som heng i hop med grava, er grav, greft (‘grav; grøft’), grev, grop, gròv (‘hòle, jordkjellar, grav; søkk’), grue, gruve og grøft.
Når me høyrer ordet grav, tenkjer me gjerne på ein utgraven (og attfylt) stad der ein avliden er gravlagd eller skal gravleggjast. Ei rad samansetjingar har med denne staden å gjera: familiegrav, gravhaug, gravminne, gravrøvar, gravstein og so frametter. I eit gravøl kan me slumpa til å få graven fisk, til dømes gravlaks (men det er ikkje so vanleg å grava han ned i jorda lenger).
Det er leitt å grava si eiga grav. Å grava for andre er ikkje betre: Me har ymse ordtak som slår fast at «den som grev ei greft for andre, skal sjølv stupa i». Kan henda kjem ein gravejournalist og grev i sakene dine og syner verda at du har drive med undergraving av noko slag. Me har òg graver der ingen er gravlagde. I orkestergrava kan det vera stilt som i grava, men ofte er det mykje ljod der. Me har elles skyttargraver og vollgraver.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.