Smyslov, Gud og mammon
Vasilij Smyslov (til venstre) med tre andre verdsmeistrar – Mikhail Botvinnik, Max Euwe og Mikhail Tal på Schiphol flyplass i Nederland 19. juni 1961.
Foto: gahetna.nl
Vasilij Smyslov (1921–2010) er den litt keisame verdsmeisteren som berre ekspertane hugsar. OK, somme veit at han kunne ha vore operasongar på Bolsjoj-teatret. Og at han spela sluttspel som ingen annan.
Men då eg arbeidde med boka Sjakkgeniene, vart Smyslov ein av favorittane mine. Dei små historiene kjem på rekkje og rad. Han var den mest religiøse av verdsmeistrane, men meir enn det: Han trudde på alt. Under ei sjakkturnering på Island vart han inspirert av åsatrua. Og frå ein indisk guru lærte han at ein ved sjukdom kunne verta frisk gjennom å drikka sin eigen urin i fjorten dagar. «Men Vasilij Vasiljevitsj, då!», sa dei andre stormeistrane. «Eg har lese det sjølv!» sa Smyslov, som heldt det skrivne ordet for heilag.
Han meinte Lenin var antikrist og nekta å nemna bolsjeviken med namn. Byen var «Petersburg», aldri «Leningrad». Men samstundes var han alltid trufast mot Sportskomiteen, som sjølvsagt var styrt av Kommunistpartiet.
Kommunistpampane lika Smyslov og sende meir enn gjerne han og kona på representasjon til utlandet. Då kunne Smyslov gjera det han lika aller best: å shoppa. Jo eldre han vart, jo meir shopping vart det. Smyslov fann eit hòl i det kapitalistiske systemet, nemleg det paradoksale konseptet der ein kan kjøpa eit klesplagg éin dag og så byta det gratis neste dag.
Smyslov kunne ikkje tru si eiga lukke og bytte klede ei heil veke utan at pengane tok slutt. Eg møtte Smyslov på Aker Brygge i 1989. Han var nesten blind, men slo Simen Agdestein. Han meinte det var ei Guds lukke å mista synet: Slik var han tvungen til å sjå venleiken i sjakken for det indre auga. Han var ei kunstnarsjel med ein sjakkintuisjon på nivå med Capablanca og Carlsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.