Småkrypa rundt oss
Louis Pasteur og etterfølgjarane hans har på dramatisk vis prega dagleglivet vårt.
Vi lever i ei verd full av småkryp: bakteriar, mikrobar, sopp og kva meir vi kallar dei. Det var franskmannen Louis Pasteur som først fortalde om dei. Når eit kjøtstykke rotna, sa han, var ikkje rotninga noko som kjøtet sjølv stelte i stand. Det var noko som kom utanfrå, ved små mikroorganismar.
Så gjekk det slag i slag. Den ungarske legen Ignaz Semmelweis påla studentane på fødeavdelinga å vaske hendene før dei starta arbeidet med dei fødande kvinnene. Då drog dei ikkje farlege mikrobar rundt på avdelinga, og dødstala for fødande kvinner fall dramatisk.
Den engelske legen Joseph Lister, som hadde høyrt om Pasteur og funna hans, byrja å desinfisere dei kirurgiske instrumenta med karbolsyre, og antiseptikken var inne i kirurgien. Det vart mindre farleg å bli operert.
Det er berre 150 år sidan Pasteur gjorde sine funn. Men han og etterfølgjarane har på dramatisk vis prega vårt daglege liv. Vi fører alle ein dagleg kamp mot mikroorganismane hans. Vi saltar og syltar og hermetiserer og speker og djupfrys og pasteuriserer for å berge maten. Vi desinfiserer, steriliserer, bestrålar og vaksinerer for å halde småkrypa unna kropp og helse.
Matindustri, legevitskap og farmasøytisk industri leverer stendig nye våpen til denne kampen.
Og kampen har vore vellukka. Sigrane har vore mange. Infeksjonssjukdommane er av dei store taparane i moderne historie. Og om vi vil, kan vi ete fersk mat heile året.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.