Frå sjakkverda
Sluttspel utan ironi
To brikker mot slutten av livet i ei oppsetjing av Becketts «Sluttspel».
I 1995 budde eg i Bordeaux og var aktiv i det lokale sjakkmiljøet. I helgane kunne ein ta toget ut til atlanterhavskysten og den vesle kystperla Arcachon. Det var ikkje mykje som minte om sjakk på dei forblåsne strendene, men her, sumaren 1940, vart det utkjempa duellar mellom gigantar.
Tyskarane hadde okkupert Paris den 14. juni 1940. Få dagar seinare sat Samuel Beckett (34) og Marcel Duchamp (53) og utveksla djupe tankar på ein strandkafé. Dei skulle møtast her kvar dag framover, bøygde over eit sjakkbrett.
Duchamp (og Salvador Dali) hadde flykta til Arcachon i god tid. Beckett var seint ute, men kom seg med naud og neppe til kysten etter eit tips frå James Joyce. Beckett engasjerte seg seinare i motstandsrørsla og måtte rømma landet i 1942.
Under eit parti i Arcachon gav røynde Duchamp eit teikn til den yngre venen. «Ser du kven som kjem inn i kafeen? Det er Alekhin.» Beckett vart fullstendig starstruck, medan Duchamp var roleg. Verdsmeisteren Aleksandr Alekhin, som emigrerte til Frankrike etter den russiske revolusjonen, var godt kjend av Duchamp. Duchamp, konseptkunstnaren med pissoar-fontena, hadde vore fransk landslagsspelar i sjakk og halvvegs profesjonell rundt 1930.
Beckett var ikkje på same nivå som Duchamp. Denne iren som sa at han heller ville «vera i Frankrike i krig enn i Irland i fred», hadde i mange år vore ein lidenskapeleg sjakkamatør på kafeane i Paris. Alt i romanen hans Murphy frå 1936 er sjakk eit sentralt motiv.
Fleire forskarar har freista skjøna kva Duchamp og Beckett søkte i sjakken. Sjakk appellerte til dei to som eit reint logisk spel. I kunsten og livet var dei alltid ironiske, men i sjakken kunne dei finna ro. I eit sjakkparti er det ikkje rom for ironi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.