Sluttord frå kongressen
Alle var overraska over det klåre sluttresultatet: 132 mot avtalen og 44 for.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Vi trudde ikkje sjakk, intimsona vår, kunne vera ein publikumssport. Då fyrste parti i VM-kampen mellom Anand og Carlsen vart sendt på NRK 9. november 2013, var eg så brydd at eg knappast torde skru på fjernsynet. Lukkelegvis enda partiet remis etter berre 16 trekk.
Så stilte eg meg i køen i Larvik 7. juli 2019. Etter 20 minutt kom eg inn på kongressen til Noregs Sjakkforbund. Publikum sat alt på tribunen. 179 delegatar fann plassane sine, tre gonger så mange som til vanleg. Den nye klubben til Carlsen, Offerspill SK, stilte med berre seks delegatar, basert på betalande medlemer. Det var eit kompromiss mellom jusen, som ifølgje professor Geir Woxholth ikkje ville gje klubben nokon representasjon, og intensjonen til Carlsen om å vinna valet med 40 nye delegatar. Ein medlem i Offerspill, ein sjakkfar, hadde køyrt 200 mil frå Tromsø då han fekk vita at han likevel ikkje vart delegat.
Ordstyraren, advokat Cato Schiøtz, tok oss gjennom dei rituelle punkta: årsmelding og årsrekneskap. Som vanleg vart det diskusjon om detaljar her og der. Den yngste delen av publikumet forlét salen og kom aldri attende. Journalistar frå heile Medie-Noreg feste tomme blikk i golvet. Etter to timar hadde det ikkje skjedd noko som helst. På VGTV og andre plassar på internett kunne ein fylgja kvart ord, minutt for minutt.
Men så kom saka. Fyrste talar, president Morten Lillestøl Madsen, tala varmt for avtalen med veddemålsselskapet, medan andre talar, visepresidenten frå mindretalet i styret, tala sterkt mot avtalen. Talarlista vart lang. Ein delegat frå Bodø med Parkinsons sjukdom kom med ei retorisk salve då han fortalde om korleis han skalv medan han studerte avtalen i kongresspapira: «Men det var ikkje Parkinson som hadde skulda denne gongen…» Så kom ein ung, ordhag representant for Offerspill og snakka til stor applaus om 50 millionar og satsing på ungdomen. Men med ei rad nei-innlegg frå grasrota skjøna alle at det gjekk mot nei-siger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.