JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Slikk og ingenting

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20171103
2369
20171103

Slikkeri er ikkje noko å eta seg mett på, og du fyller ikkje vomma med å sleikja sleikjepotten heller. Men det finst andre måtar å sleikja seg fram på: Mange har hatt nytte av å sleikja nokon oppetter ryggen. Finst det noko ufyselegare enn smørblide spyttslikkarar med sleik?

Det å sleikja er i seg sjølv på grensa til ufyseleg: Me let tunga glida over noko som finst utanfor munnen. Om desse draga med tunga er lekre eller fråstøytande, ymsar etter samanhengen. Ordformene ymsar òg. I norsk har me både slikka (lågtysk låneord) og sleikja (jf. norrønt sleikja). Svenskspråklege seier oftast slicka, men dialektforma sleka finst òg. Eldre dansk hadde både slikke og slege (‘kjæla; smiska’). Dei to verba er i slekt, og i same ætta finn me engelsk lick og tysk schlecken og lecken.

Sleikjeorda våre boltrar seg på litt ulike område. Du kan slikka sol og eta slikkepinne, men den som har glattkjemd hår, har sleik – ikkje slikk. Men elden kan både slikka og sleikja oppetter veggen, og me kan velja mellom å skriva slikkepott og sleikjepott. Nokre har kanskje ei kjensle av at det er «finare» å slikka enn å sleikja, men det kjem av at finfolket helst bruka slikkeformene. Om du sit i middagsselskap, er det eitt feitt om du slikkar eller sleikjer av tallerken – ufint er det same kva.

Ofte sleikjer me for å få i oss noko godt, og den som driv mykje med slikt, vert gjerne kalla sleikjemunn, slikkmunn eller sleik. Men ein sleik eller to kan òg vera livgjevande: I Den yngre Edda sleikjer kua Audhumbla salte rimsteinar, og fram kjem mannen Bure, farfar til Odin. Ei anna undersam sak er trollsleik, som er nemning for eit slags sår på eller ved munnen. Hjelper det då å smeikja og sleikja for trolla? Sleikja har lenge vore nytta spottande i tydinga ‘sledske, smigre, tale søde Ord’, som Aasen kallar det i Norsk Ordbog (1873). Denne bruken er nok inspirert av dyr som viser godhug og venskap ved å sleikja kvarandre eller herren sin. På same måte kan me krypa og logra for nokon. Dei som gjerne innyndar seg hjå andre, kan smykka seg med tittelen rauvsleikjar – eit ord som effektivt målber kor langt dei er viljuge til å strekkja seg. Dersom rauvsleikjarane driv det for langt og får seg ein smell, er dei djerve nok til å sleikja såra sine og prøva på nytt.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis