Ord om språk
Sleppa med skrekken
Dei som trudde at 2022 skulle verta året då dei fekk sleppa fri frå pandemien og kunne via seg til laussleppt moro, er vel i ferd med å sleppa vona. Gong på gong har me sett styresmaktene stramma inn og sleppa opp og stramma inn att. Me har høyrt at me ikkje skal sleppa for mange inn i heimen, og me skal i alle fall ikkje sleppa mange innpå oss i bokstavleg meining. Det kjem visst ikkje på tale å sleppa smitten laus heller. Men det vert kan henda eit vårslepp?
Folk som skriv bokmål, slepp billig unna på mange vis. Til dømes greier dei seg med eitt sleppa-verb: slippe – slipper – slapp – sluppet. (Det er òg lov å skriva sleppe – slepper – slapp – sluppet og å nytta formene sleppte – sleppt når verbet er nytta transitivt (med direkte objekt), men det vanlege er å nytta slippe til alt.) I nynorsk, som i mange målføre, skil me mellom det sterke verbet sleppa (‘verta laus’), som ikkje tek direkte objekt, og det linne verbet sleppa (‘lata laus’), som tek direkte objekt. Døme: «Eg slapp fram.» «Ho sleppte meg fram.» «Katta slepp or sekken.» «Dei slepper katta or sekken.»
Me slepp vel ikkje unna med å seia at det sterke verbet sleppa plent ikkje tek objekt. Når me nyttar ordet i tydinga ‘koma (seg) unna, verta spart for’, plar me nemna det me slepp unna: «Me slapp ekstraomgangar.» «Eg slapp å skipa til bokslepp.» Eller med eit ordtak: «Det ein ikkje kan få, det slepp ein å bera på.» Når det gjeld det linne sleppa-verbet, er det verdt å nemna at sambandet ppt vert uttala ft mange stader: «Ho slefte det ho hadde i hendene» (jf. kjøfte for kjøpte, klifte for klipte).
Ordbøkene har ikkje so mykje spanande å melda om ordsoga, so det emnet slepper eg like godt. Det er ingen grunn til å få hakeslepp eller sleppa or seg kraftige salver! Dei som har sloppe opp for alvorlege emne å harmast over, kan opna avisene og lesa om klimagassutslepp, oljeutslepp og frislepp av ymse uhyggjelege greier.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.