Skulevegen blir opna
Rogaland offentlege landsgymnas og Bryne statsrealskule frå 1924.
Ukjent. 1961
Mor og far var jamgamle, fødde på ettervinteren 1908, på små gardar på kvar si vesle øy i Ryfylke: Byre og Skartveit. Dei hadde elleve søsken kvar som levde opp.
Rikdom fanst knapt på dei kantar, men fattigdommen grodde friskt. Besteforeldra mine, på begge sider, var ikkje fattige om vi ser på tida. Relativt sett er det nok meir korrekt å kalle dei velståande, utan at velstanden akkurat skin og glitrar.
Når dei store ungeflokkane skulle ut i verda, var det ikkje mykje hjelp å få heimanfrå. For det store fleirtalet var den sjuårige folkeskulen avslutninga på utdanninga.
Men også folkeskulen var i si tid ein døropnar til kunnskapen. Mor og far fortalde mykje om lærarane sine. Dei var viktige i livet deira. Men vidare var vegane få.
Far fekk ein vinter på jordbruksskulen på Tveit på Nedstrand. Den vinteren var ei stor oppleving som han levde lenge på. Lærarane der, kva dei hadde sagt og gjort, vart ein livleg del av barndommen min. Styraren, Torkildsen, og Kristian Rønneberg fekk rom i barnefantasien. Kristian Rønneberg dukka seinare opp i livet mitt. Han vart fylkeslandbrukssjef i Rogaland og sidan formann i styret for Rogaland offentlege landsgymnas. I 1956 fekk er artiumsvitnemålet mitt frå hans hand.
Ein dag vi låg på åkerreina i ein pause i kampen mot ugraset, fortalde far om far sin, Andreas Skartveit. Han hadde som ungdom vore på eit kurs på Jæren, der Torkel Mauland hadde fortalt om sin ven Arne Garborg. Det hadde vore ei stor oppleving.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.