Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Skitsnakk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I denne bakgarden frå Vika i Oslo midt i 1930-åra hadde kvar bustad sin utedo.

Foto: NTB scanpix

3041
20200911
3041
20200911

Alt levande krev energi. Plantane får energien sin frå sola, medan vi og andre dyr får han frå plantar og dyr ved å fylle magen med mat av ulikt slag.

Magen er eit mikroberikt, kjemisk og mekanisk apparat som tek seg av maten som kjem dit. Tarmtåttar og slimhinner vel ut det i maten som kroppen treng for å halde oppe livet. Det magen ikkje kan bruke og sende vidare, endar som skit – avføring, om det er eit finare ord.

Å handtere dyreskit effektivt og rasjonelt er ein viktig del av moderne jordbruk, og dermed også av moderne matforsyning. Vår eigen skit, mannemøkka, har det gått ille med. Ein gong var ho ein viktig ressurs som vart tatt godt vare på. No er ho berre eit problem, eit kloakkproblem.

I småskulen ein gong for lenge sidan hadde vi det vi kalla minnebøker, der vi skreiv små minneverdige helsingar til kvarandre, med små teikningar til. Ein gjengangar var dette vakre ønsket:

Gje lukka må gro

som graset bak do.

Vi budde i gamle førkrigshus med utedo overalt og hadde solid kunnskap om det vi skreiv om. Det voks godt rundt skiten vår. Vi visste det.

Før kunstgjødsla dukka opp, var det ei prioritert oppgåve å ta vare på, eventuelt skaffe alle former for skit, også menneskeskit.

Rundt dei stor byane, som Stavanger, kom bøndene inn og tømde utedoane om natta, til spreiing på garden neste dag. Bergen hadde lite jordbruk rundt byen, og båtar kom frå Rogaland og henta bergensskiten til spreiing heime. Vi gjorde små funn i åkrane våre. Hos grannen fann dei ei lita sølvskei i potetåkeren. Ho kom nok frå Bergen.

Det var dei beste bøndene som dreiv med dette. Møkka frå eigen gard var ikkje nok til å gje forsvarlege avlingar.

Så kom kunstgjødsla og etter kvart vassklosettet.

Denne installasjonen var kjend både på Kreta og i Roma, men han vart gløymd i mellomalderen, som så mykje anna. Først i 1775 var det ein gluping som tok ut patent på ei oppfinning som liknar på WC-en vår. No var det berre å dra i snora, og så var skiten borte.

Så enkelt var det ikkje. Oppfinninga møtte sterk motstand, fordi vatnet i fjordar, sjøar og elvar ville bli tilgrisa. Helge Høifødt skriv om dette i St. Halvard nr. 4 frå 2019.

Men vassklosettet lét seg ikkje stoppe. Ein nybygd leigegard i Kristiania fekk WC i 1902. Vår nye konge fekk det i slottet sitt i 1906.

Å handsame eigen skit i moderne heimar er enkelt og reinsleg. Men naturen kan styre si glede over å få denne møkka i fanget. Sjøar blir overgjødsla, og liv døyr. Austersjøen, med kloakktilsig frå mange land, er i ferd med å bli eit daudt hav.

Gamle Farmand hadde ein gong ein husdiktar som heitte Ruben. Han skreiv også om klosettet:

Klosett og bad bør alle ha. Det lar seg kombinere lett –

Men ikke som i fjorden vår, der man får alt i ett.

Entusiasmen til jærbonden, der han nattetid trilla stavangermøkka heim til garden sin for å hjelpe fram årets avling, er borte.

Møkka i lasset hans kom til å gå inn i livsprosessane på garden hans og bli verande der.

Kvar møkka vår hamnar når vi har trekt i snora, er det knapt nokon som veit.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis