Skindaud i måneskin

Publisert

Mykje stygt kan løyna seg under ei skinande blank yte, eller som ordtaket seier: «Skinet dårar mange.» Urettvise ordningar møter som regel motstand, men dersom me gjev ordningane eit skin av rettferd, kan det henda at folk godtek dei likevel. Men heilt trygge er me ikkje. Stundom skin det igjennom at løysingane våre berre er skinløysingar. Mange kjenner att ei skinsemje eller eit skindemokrati når dei ser det, og skinheilage folk er lite omtykte.

Me skjønar no at skinet har mørke sider, men soga om skin og skina er like fullt ei solskinshistorie. Dei to gamle arveorda er sprell levande og vert jamt nytta i ymse germanske mål. Verbet skina har dessutan halde godt på den sterke bøyinga si, jamfør vårt skina–skein (bokmål tillèt òg veik bøying: skinte), svensk skina–sken, engelsk shine–shone og tysk scheinen–schien.

Norrønt skína vart mellom anna nytta om solljos, klårvêr og turke valda av solljos, og i eddadiktinga støyter me på hesten Skinfakse. Han dreg dagen over himmelen og lyser opp verda med det skinande fakset sitt. I norrøne kjelder finn me òg seiemåten «mun skína af í dag» (‘vêret kjem til å klårna i dag’). Vendinga «skina av» er framleis med oss og vert gjerne nytta når det klårnar opp etter regn eller tåke: «Det skin av.» «Han skein av etter middag.» Me kan òg nytta andre preposisjonar eller adverb: «Det skin opp.» «Han skin bort skodda.» Dessutan er det mange som lagar rim med skina og grina: «Dei går tur anten det skin eller grin.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement