«Eg altid er i Hugen saar, naar eg ved Aarsens Skifte staar», skreiv A.O. Vinje i Dølen 3. januar 1869. Sidan årsskiftet har me hatt mange vekeskifte og jamvel eit månadsskifte. Folk har skift bustad, tog har skift spor, og vêret har vore skiftande. Snøgge vêrskifte lyt me nok berre venja oss til, for det grøne skiftet kjem ikkje og bergar oss med det fyrste. Her trengst nok eit generasjonsskifte eller to. For slik er gangen i det heile: «D’er alltid skifte på; den unge skal til og den gamle frå.»
Nokre ord skifter både form og tyding etter kvart som tida går, men hjå skifta har det ikkje vore store utskiftingar. P-en i norrønt skipta har rett nok vorte utskift med f mange stader, men me finn former som skiftum og skifta alt i vikingtida og mellomalderen, so dersom det har vore eit skifte her, er det ikkje spildrande nytt. Det tradisjonelle bøyingsmønsteret (skifter–skifte–skift) må rett nok tevla med a-verbbøying (skiftar–skifta–skifta) og blanda bøying (skiftar–skifte–skift) i moderne nynorsk, men tydingane har halde seg tolleg godt. Me kan mellom anna nytta skifta i tydingane ‘dela, byta’ («skifta arven mellom seg», «tviskifta garden» (dela han i to), «sitja i uskift bu»), ‘endra’ («skifta letene», d.e. få ny let i andletet, raudna eller bleikna) og ‘gjeva kvarandre noko’ («skifta vondord», «skifta augnekast», jf. òg brevskifte, ordskifte).
Og so har me substantiva skift og skifte. Båe orda kan nyttast om endringar og vekslingar («ein film med snøgge skift», «skriva og lesa på skift», «det store hamskiftet») og sett med klede («ha eit reint skift(e) i sekken»). Båe orda kan òg nyttast om ‘tid som eit arbeidslag arbeider’ («fyrste skiftet er frå kl. 6 til 14»), ‘økt’ («arbeida eit skift(e)») og ‘arbeidslag’ («arbeida på eit anna skift(e)»). Bleieskiftarbeidarar finst òg. Det er helst skifte som vert nytta om oppgjer og delingar (jf. jordskifte, buslitsskifte). Når me har ete mat me har fått tildelt, kan me seia: «Takk for skiftet!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.