Sjakkskam

Magnus Carlsen tok sølv i den fyrste verdsmeisterskapen han har spela i på norsk jord. Suveren vinnar var Wesley So.
Magnus Carlsen tok sølv i den fyrste verdsmeisterskapen han har spela i på norsk jord. Suveren vinnar var Wesley So.
Publisert

Då ein trudde omgrepet skam hadde gjort sitt på ulike arenaer i 2019, kom verdsmeister Magnus Carlsen (28) på bana. Han ville ikkje seia stort etter finaletapet i VM i fischersjakk, men nøgde seg med éin kommentar: «Jeg skammer meg.» Men kva skjedde eigenleg? Kva seier ekspertane?

VG skreiv for nokre år sidan at når olja tek slutt, kan vi leva av å kommentera sjakk. Dagen etter finalen på Høvikodden ville Dagsrevyen ha meg i studio for å diskutera Carlsens sjakkskam, men eg takka nei. Sjakkskamma åleine kan ikkje berga planeten, og det er berre Carlsen som veit korleis han kunne tapa finalen mot Wesley So (26) med siffera 2,5–13,5.

Eg trur ikkje det er så farleg for sjakksporten, korkje i Noreg eller internasjonalt, at Carlsen tapte ein finale på eit kunstmuseum. Det var utklassinga som var spesiell. I det litt merkelege poengsystemet er botnlina at So vann fire av seks parti og spela to remisar. Carlsen hadde gode sjansar til siger i det fyrste partiet, medan resten av partia vart dominerte av So.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement