Sjakkskam
Magnus Carlsen tok sølv i den fyrste verdsmeisterskapen han har spela i på norsk jord. Suveren vinnar var Wesley So.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Då ein trudde omgrepet skam hadde gjort sitt på ulike arenaer i 2019, kom verdsmeister Magnus Carlsen (28) på bana. Han ville ikkje seia stort etter finaletapet i VM i fischersjakk, men nøgde seg med éin kommentar: «Jeg skammer meg.» Men kva skjedde eigenleg? Kva seier ekspertane?
VG skreiv for nokre år sidan at når olja tek slutt, kan vi leva av å kommentera sjakk. Dagen etter finalen på Høvikodden ville Dagsrevyen ha meg i studio for å diskutera Carlsens sjakkskam, men eg takka nei. Sjakkskamma åleine kan ikkje berga planeten, og det er berre Carlsen som veit korleis han kunne tapa finalen mot Wesley So (26) med siffera 2,5–13,5.
Eg trur ikkje det er så farleg for sjakksporten, korkje i Noreg eller internasjonalt, at Carlsen tapte ein finale på eit kunstmuseum. Det var utklassinga som var spesiell. I det litt merkelege poengsystemet er botnlina at So vann fire av seks parti og spela to remisar. Carlsen hadde gode sjansar til siger i det fyrste partiet, medan resten av partia vart dominerte av So.
Filippinsk-amerikanske So kom før kvar runde til spelelokalet hand i hand med den amerikanske adoptivmora si. Han verka roleg, harmonisk, truskuldig og lukkeleg over å kunna spela sjakk utan opningsteori og dataanalysar. Det norske publikummet lika guten som braut med den biologiske familien sin for nokre år sidan. I 2017 var han nummer to i verda i klassisk sjakk på ratinglistene, så vi sjakkspelarar veit godt kven han er. Vi hadde berre gløymt at guten har ei kjensle for spelet som er i geniklassen.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Då ein trudde omgrepet skam hadde gjort sitt på ulike arenaer i 2019, kom verdsmeister Magnus Carlsen (28) på bana. Han ville ikkje seia stort etter finaletapet i VM i fischersjakk, men nøgde seg med éin kommentar: «Jeg skammer meg.» Men kva skjedde eigenleg? Kva seier ekspertane?
VG skreiv for nokre år sidan at når olja tek slutt, kan vi leva av å kommentera sjakk. Dagen etter finalen på Høvikodden ville Dagsrevyen ha meg i studio for å diskutera Carlsens sjakkskam, men eg takka nei. Sjakkskamma åleine kan ikkje berga planeten, og det er berre Carlsen som veit korleis han kunne tapa finalen mot Wesley So (26) med siffera 2,5–13,5.
Eg trur ikkje det er så farleg for sjakksporten, korkje i Noreg eller internasjonalt, at Carlsen tapte ein finale på eit kunstmuseum. Det var utklassinga som var spesiell. I det litt merkelege poengsystemet er botnlina at So vann fire av seks parti og spela to remisar. Carlsen hadde gode sjansar til siger i det fyrste partiet, medan resten av partia vart dominerte av So.
Filippinsk-amerikanske So kom før kvar runde til spelelokalet hand i hand med den amerikanske adoptivmora si. Han verka roleg, harmonisk, truskuldig og lukkeleg over å kunna spela sjakk utan opningsteori og dataanalysar. Det norske publikummet lika guten som braut med den biologiske familien sin for nokre år sidan. I 2017 var han nummer to i verda i klassisk sjakk på ratinglistene, så vi sjakkspelarar veit godt kven han er. Vi hadde berre gløymt at guten har ei kjensle for spelet som er i geniklassen.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB