JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sjakkquiz for «alle»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein treng ikkje vera stormeister for å svara rett. Stormeister Ivantsjuk var sjanselaus i quizkonkurransen arrangert av Chess-news.ru.

2128
20201224
2128
20201224

Det artige quizkonseptet «Kva? Kvar? Når?» har gått på russisk TV sidan 1975. Spørsmåla er spesielle og krev godt lagarbeid. Det skjer sjeldan at nokon veit svaret med ein gong. Eg har no sett ein sjakkversjon av programmet, der eit lag med to sjakkstormeistrar og tre quizekspertar resonnerte høgt. Det interessante var at sjakkspelarane, legendariske Vasilij Ivantsjuk og trenaren til dei unge norske landslagspelarane, Jevgenij Romanov, var heilt blanke på sjakkspørsmåla.

Her kjem nokre døme:

1. Om ein deler på 11 og flyttar eit kjent fråsegn frå Gary over til sjakkverda, kven kjem Magnus då i staden for?

2. Albumet A Night at the Opera endar med ein person som i ei anna tid døyr i ei scene frå sjakkhistoria. Kven?

3. Hovudpersonen flyttar til London og møter si muse, Clare Bishop. Kva heiter han?

4. I Nabokovs Luzjins forsvar, rekna som tidenes sjakkroman, kyssar kona til Luzjin han tre gonger: fyrst på høgre auget, så på haka – kvar kjem det tredje kysset?

Svar:

1. Ingen klarte dette spørsmålet. Rett svar er Tyskland. Gary Lineker sa: «Fotball er eit spel med 22 mann, der Tyskland vinn til slutt.» Om Carlsen seier ein: «Sjakk er eit spel for to, der Carlsen vinn til slutt».

2. Det siste sporet på A Night at the Opera av Queen, er «God Save The Queen». I ein operalosje i Paris i 1858 spela den amerikanske sjakkromantikaren Paul Morphy eit fantastisk dronningoffer (dronninga «døyr») mot to aristokratar. Partiet vert omtala som «ein kveld på operaen». Då Ivantsjuk fekk høyra fasiten, kunne han om ikkje anna reprodusera i blinde alle trekka frå operapartiet.

3. Ein lur quizekspert spurde stormeistrane: Kva heiter brikkene på engelsk? Romanov svarte: King, Queen, Rook, Bishop, Knight, Pawn. Laget fann då svaret: Knight. Hovudpersonen måtte jo vera (Sebastian) Knight frå Nabokovs fyrste roman på engelsk.

4. Kona mi meinte at svaret på dette spørsmålet var absurd, men ein quizekspert makta kor som er å resonnera seg fram til det venstre øyret, då dei tre kyssa dannar det L-forma mønsteret til ein springar (sjakkhest).

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis